I over 150 år har handels- og landbruksmessa, folkefesten og fesjået Dyrsku'n samla over 90 000 menneske årleg frå heile Sør-Noreg. Det heile starta i 1850-åra då det vart avvikla fesjå på ein rekke plassar i Telemark. Her møtte bøndene fram for å handle og selje, fyrst og fremst var det handel med dyr, men etter kvart kom det òg andre varer til. Det var ikkje uvanleg at 4-500 dyr var for sal under marknadane. Etter kvart var det sterke krefter som ville ha fesjåa samla på ein fast stad, så då Even Høyesen Nordgarden stilte eit 100 daa stort område til disposisjon, samstundes som statsagronom Johan Lindequist jobba iherdig med myndigheitene, vart det avgjort at fesjåa skulle haldast i Seljord. Slik vart Dyrskuhistoria til.I dag er det ein møtestad og kunnskapsarena med alt frå omsetnad av landbruks- og anleggsmaskiner i stor målestokk, kniv- og klokkehandel til lokalmat og ei husflidutstilling med utstillarar frå heile landet. Dyra finn du sjølvsagt fortsatt her. Vi ynskjer deg hjarteleg velkomen til Dyrsku'n, som alltid startar 2. fredag i september!
Kjøp billett for Dyrsku'n 2020 her
Det er atter duka for folkefest på Dyrskuplassen i Seljord når 750 utstillarar og over 90.000 besøkande er venta 13.-15. september! Planlegg besøket ditt på førehand.
På leit etter årets utstillarar? Her kan du søke blant utstillarane på Dyrsku'n 2019 - på namn, standnummer eller produkt.
Når er det opent på Dyrsku'n?
Spar miljøet, tid og pengar - ta bussen til Dyrsku'n!
Treng du overnatting under Dyrsku'n? Får du beskjed om at alt er fullt?
"-..Eg har bestilt overnatting kring Dyrskuplassen. Men korleis finn eg fram..?"
Med heile 170 mål kan det vere ein utfordring å orientere seg på Dyrskuplassen. Bli kjent med dei ulike områda før du kjem til Dyrsku'n her!
Det er morosamt å vere born på Dyrsku’n! Med litt jamlege påfyll av mat, kan familien gå heile dagen og sjå på omtrent alle dyra du finn i det norske landbruket.
Fins det stellerom og ammerom på Dyrsku'n?
Last ned Dyrsku-appen og hald deg oppdatert på program, kart og nyttig informasjon.
Vi er glad i kjæledyr på Dyrsku'n, men ettersom det er forventa store menneskemengder, anbefaler vi at publikum lar hundar og andre kjæledyr bli heime under Dyrsku'n.
Til Dyrsku'n kjem mange med bil, men fortvil ikkje! Det er fullt av parkeringsmoglegheiter rundt Dyrskuplassen.
På Dyrsku’n heng gode matlukter tungt over plassen, og du treng ikkje gå langt mellom kvar plass for å sjå og smake på ulike godsaker.
Seljord kommune ligg rett i smørauget, midt i mellom aust og vest i Sør-Noreg.
Seljord ligg sentralt i Sør-Noreg, midt mellom Oslo, Bergen, Stavanger og Kristiansand. Her finn du raskaste veg til Dyrskuplassen.
Bli kjent med våre samarbeidspartnarar her