Vest-Telemark Museum

Vest-Telemark Museum, offisiell samarbeidspartnar til Dyrsku'n
Stiftinga Vest-Telemark Museum vart oppretta i 2002 med det føremål å stå for museumsfagleg drift og vedlikehald av dei ulike musea i Vest-Telemark.

Desse er i dag Vest-Telemark Museum – Eidsborg, Åmdals Verk Gruver, Grimdalstunet, Fyresdal Bygdemuseum, Kviteseid Bygdetun, Norsk Skieventyr, Øyfjell Bygdemuseum, Dyre Vaa Samlingane, Knut Skinnarlands samlingar, Myllarheimen og Vinje Biletgalleri. Vi har i dag 13 fast tilsette og sysselset vel 17 årsverk. Anlegga våre har eit årleg besøk på rundt 34.000.

Vest-Telemark Museum er utviklingsorientert og har klare ambisjonar. Museet skal vere ein mangfaldig og open arena for kulturopplevingar, læring og dokumentasjon, i tillegg til å utføre felles drifts- og fagfunksjonar for museumseiningane i regionen. Vi skal ta vare på og formidle regionen si kunst- og kulturhistorie, med bl.a. dei rike folkekunst og handverkstradisjonar, skikultur, bergverk og kunstnarar.  

Vårt samarbeid med Dyrsku’n har vore etablert i fleire år, men frå 2020 vert det utvida. Vest-Telemark Museum har no prosjektansvar for den tradisjonsrike Husflidsutstillinga i hall B, historisk utstilling i Gongestogo og handverksaktivitetane på Sterke Nils-tunet.