Forvandlar kasserte eple til verdfulle produkt

Under Dyrsku’n kan du sjå Noregs einaste mobile eplepresseri. Ungdomsprosjektet Líf laga kjem frå Oslo til Dyrsku’n for å presse tonnevis av eple saman med lokale ungdommar frå Gvarv og Bø.

 

25.08.2022

Tekst: Marit Hagen, Tun Byrå | Foto: Líf Laga

Ein ekvipasje du ikkje har sett maken til kjem til å rulle inn porten til Dyrsku’n før opninga i september. Det er «Yggdrasil», Noregs fyrste og einaste mobile eplepresse, som skal bli mata med fem tonn eple som elles ville blitt kasta. Dei som styrer pressa, er ungdommar frå prosjektet Líf laga i Oslo. Dei skal føre kunnskapen sin vidare til ungdom frå Gvarv og Bø.

Berekraft og ungdomskraft

Prosjektet Líf laga blei starta på Stovner i Oslo for sju år sidan av Åsmund Gylder, som eit nærmiljø- prosjekt for å skape verdiar og tilhøyrsle.

–   Målet med Líf laga er å skape ungdomskraft og gjere deg stolt og byrg over staden du bur på, ved å lage eplemost av eple som elles ikkje blir brukt. Ungdom får kjenne på det å skape verdiar og nettverk. Møta mellom unge og vaksne under epletrea er med å byggje eit godt nærmiljø, seier Åsmund Gylder.

I dag er 500 menneske i Groruddalen engasjerte i prosjektet. Alle ungdommar kan bidra, men dei som, i følge Åsmund, treng ein liten ekstra dytt, blir prioriterte. Epla som blir pressa, kjem stor sett frå private hagar, i tillegg syter Líf laga for til- vekst av råvarer. Líf lagas eigne «tre- vaktarar» har som oppgåve å plante nye epletre i hagar og burettslag.

– Me ynskjer å gje ungdom kunn- skap om at maten kjem frå jorda, og at tre er viktige. Kunsten å plante og stelle eit epletre, er noko av det vi gjerne vil føre vidare til ungdom i fruktfylket Telemark.

MOBIL PRESSE: Åsmund Gylder (bakerst) og Adrian Olafsen inspiserar den mobile eplepressa som skal til Dyrsku’n.

Kunnskap vidare til Telemark

Under Dyrsku’n skal 12 ungdommar frå Stovner styre eplepressa og selje eplemost i lag med ungdom frå Gvarv og Bø i det lokale prosjektet «Ung arena». Folk i nærleiken får tilbod om å donere eple, og Telefrukt gir bort eple dei ikkje får brukt i sin eigen produksjon.

–  Vi skal stå ute, og folk vil få sjå heile prosessen frå vasking av epla til pasteurisering. Produkta som kjem ut i andre enden, er eplemost som «bag in box», og noko råjus, sier Åsmund.

Målet er at ungdommar frå Telemark skal halde fram å selje eplemost etter at Dyrsku’n er over, for å til dømes tene pengar til klassetur eller andre ting.

–  Vi i Líf laga håpar at vi får sådd ein kime til samarbeid for framtida, og på Dyrsku’n reier vi grunn for det. Vi vil gjerne samhandle vidare og dele kunnskap om skjøtsel av frukt. For oss frå Stovner blir det å vere på Dyrsku’n eit eventyr i seg sjølv og vi gler oss, avsluttar Åsmund Gylder.