I år startar dei med desserten på Skogtunet. Fredag deler AT Skog og Foods of Norway ut smaksprøver av is med granskotsirup og vanillin.
Vegar Hvamb i Telemark Skogselskap fortel kva rolle skogen kan spela i ein slik dessert. «Med mjølka frå kyr fôra med granpellets, sirup laga av ferske granskot, og vaniljesmak frå grantømmer, er det tre ting frå skogen i same slengen», seier han.
Noregs «vanilje»
Isen har Nordigard Bjørge besøksgard i Seljord laga. Granskotsirupen er frå Mjelhovd Gaard, produsert av Eventyrsmak. Isen er smakssett med vanillin frå Borregaard i Sarpsborg. Ekte vanilje er det nest dyraste krydderet i verda, berre slått av safran. Det dei fleste av oss kjenner som vanilje er ikkje ein gong i slekt med ekte vanilje. Smaken kjem frå vanillin. Aromastoffet som vanlegvis vert utvunne av olje. Borregaard produsera vanillin frå grantømmer, eit berekraftig alternativ til oljebasert vanillin.
Dyrefôr frå gran
På Noregs miljø- og biovitenskapelege universitet (NMBU) forskar Foods of Norway på miljøvenleg dyrefôr for framtida. Målet er å finne ut korleis vi kan bruke naturlege ressursar som ikkje egnar seg som menneskemat til å lage dyrefôr av høg kvalitet. Ein av desse ressursane er gran, som dei altså lagar fôrpellets av. Korleis dei gjer det og kva forskinga seier om resultata, kjem Foods of Norway sjølve for å fortelje meir om. «I tillegg til is testar dei også ost laga på mjølk frå granfôra kyr, men osten ligg framleis til lagring», seier Hvamb.
Skogsaktivitetar for ungane
På Skogtunet er det alltid noko å gjere for ungane, og i år er det spikking som gjeld. Det blir sal av små spikkeknivar som passar perfekt til små bornehender.
«Spikking er fyrst og fremst for born frå rundt skolealder. Vi sitt i små grupper og jobbar konsentrert med ungane, så dei får kyndig rettleiing frå vaksne folk», seier Hvamb. «Skogens brannvokter» kjem attende i år. Her kan ungane lære seg tre enkle skogbrannreglar for å få kalle seg «Skogens brannvokter». Dei får også kaps og diplom. Søve vidaregåande skule har med hogstmaskinsimulator. Her kan både små og store få prøve korleis det er å køyre hogstmaskin. Landbruksminister Olaug Bollestad skal teste doningen på fredag.
Gransnutebiller
Gransnutebilla er eit problem når skogen skal fornyast etter hogst. Når skogeigarar skal plante på hogstflater der det har vekse barskog, krevst tiltak. Dei små skogplantene har fram til no blitt behandla med plantevernmiddel før dei vert planta. «Norgesplanter kjem for å vise korleis dei set inn dei nye plantane med voks. Voksen er miljøvenleg, men gjer det vanskelegare for gransnutebilla å gnage seg gjennom barken», forklarar Hvamb.
Sjølv tek han med seg nokre gransnutebiller for å vise fram til alle som vil sjå.