Fyrste tildeling av standplassar for årets Dyrsku er klart, og det gjekk ut melding til dei glade mottakarane som du dermed treff på Dyrsku’n 14.-16. september.
Dersom du er utstillar og ikkje har mottatt e-post frå oss, kan du sjekke status på saken din på kundesenteret. Dersom den står som «Mottatt» er du dessverre førebels satt på ei venteliste. Står den «Godkjent», har du fått tildela standplass. Vi har ei aktiv venteliste med endringar heilt fram til Dyrsku’n. Dersom det opnar seg ein moglegheit, tek vi direkte kontakt med deg.