Eit knippe lokale skodespelarar skal gje oss ein smak av livet til den segnomsuste kraftkaren. I 20 år har publikum blitt leia inn i Nils sitt liv. Men i år er det kona Anne som er i fokus. «Ho var ei staut kjerring og kjærleiken mellom Anne og Nils var sterk», innleiar manusforfattar og regissør Knut Espelid, før framsyninga startar.
Med tunet som scene vert vi kjent med Anne og Nils. Vi fylgjer paret gjennom livet frå dei trefte kvarandre fyrste gong, via bornefødsel og Nils som må ut i krigen. Historia vert formidla som ei samtale mellom den eldre Anne og eldre Nils, spela av Reidun Øverland og Ragnar Haugstøl, kor dei saman ser tilbake på viktige hendingar i samlivet. Tilbakeblikka vert levandegjort av unge Anne og Nils, som vert spela av Anne-Karin Slåtta og Audun Hølland. Det heile bindast saman av Gro Verpe Moen si vakre kveding, tonesett med Knut Buen på fele.
Etter framsyninga får eg ein prat med dei to Anne’ne. Dei fortel at det ligg mykje arbeid og øving bak. Mest spent har Anne-Karin vore som aldri har kveda før. «Eg er eigentleg korsongar og har elles berre sunge for meg sjølv». Ho skulle eigentleg berre synge ei lita vise, og plutseleg vart det både kveding og fleire viser med. No har ho blitt så varm i trøya at vi håpar at den vakre røysta hennar blir å høyre på landskappleiken. For det som kjenneteiknar heile denne gjengen er nettopp at dei er både allsidige og uredde. Reidun fortel at dei nye tilskota i ensemblet er «ja-menneskje». Nett som Pippi Langstrømpe er utgangspunktet «det har eg aldri prøva før – det får eg sikkert til». «Då er det veldig moro å jobbe med dette!» seier Reidun.
Bak serien av tidsbilete som har vore vist opp i gjennom Dyrkuhistoria, er det ein kjerne-trio som består av Knut Espelid, Reidun Øverland og Ragnar Haugstøl. Utgangspunktet for tidsbileta er Jørund Telnes sine dikt og viser, meisterleg sydd saman av manusforfattar Knut Espelid. Vi ser fram til å møte nye soger og nye sider ved Sterke-Nils neste år!