Turoperatørar

Sjøormtårnet i Seljord
Dyrsku’n er ein spennande og fargerik marknad å besøke, med interesser for ein kvar smak.


Seljord er ei vakker bygd som er trafikknutepunkt mot både Oslo, Bergen, Grenland og Torp. Til vanleg har bygda kring 3000 innbyggarar, men til Dyrsku’n kjem det kvar haust over 90.000 tilreisande som vil lukte, smake, handle og oppleve ei eventyrleg stemning. Marknaden er Noregs største handels- og landbruksmesse, og har vore arrangera kvart år sidan 1866. 

På Dyrsku’n kan vi skreddarsy opphaldet til gjestene dykkar etter kva dei er interessera i. Du kan sjå programmet her og planlegge på førehand kva slags aktivitetar gruppa ynskjer å få med seg. 

Transport og parkering
Kjem de med buss, har vi ein drop-off for gjestene i umiddelbar nærleik til Nordgardsporten, med coach-parkering 1 km vest for Dyrskuplassen. Her går det shuttlebussar fram og tilbake, om ikkje sjåføren ynskjer å strekke på beina den korte vegen fram og tilbake. Du kan laste ned kart for buss her.

Guiding
Ynskjer gruppa ein kort orientering om historia bak Dyrsku’n, og ein guida tur på Dyrskuplassen for å orientere seg før dei slepp laus på eigen hand? Det ordnar vi gjerne, men berre på sundag. Kontakt oss på post@dyrskun.no for å booke omvising.

Billettar og vilkår
Ynskjer du å bestille inngangsbillettar til Dyrsku’n, og ordne overnatting sjølv? Ring Ticketmaster sin gruppebestilling på telefon 22 82 81 49. Hugs at de må vere over betalande 20 personar for å få gruppepris. Sjåfør og guide kjem gratis inn. 

Overnatting og mat
Vi har inngått samarbeid med Straand Hotell i Vrådal som kan tilby ledige senger i leilegheiter eller hytter, berre 30 minuttar frå Dyrskuplassen. I pakka er det og moglegheit for å reservere bord på Dyrsku’n for lunsj/middag til vennlege priser. 
Kontakt Straand Hotell direkte for pris på overnattingspakker. 

Ein anna samarbeidspartner er på Rauland. Her bur du i leilegheiter eller hytter på Vierli, Rugdetunet eller Holtardalen. Du kan og bu med hotellstandard på Camp Vierli. Les meir om Rauland og pakker her. 

Har du allereie ei turoperatøravtale med Vrådal eller Rauland og ynskjer å bestille overnatting? Ring bookinga på hotellet, så får du avtalepris på overnatting og god pris på inngangsbillettar

Hotella ligg i køyreavstand til dei fleste attraksjonane i Telemark, som skisportens vogge (med verdas største vogge) i Morgedal, Telemarkskanalen, Heddal Stavkyrkje, Hardangervidda Nasjonalpark, Rjukan-Notodden Industriarv (Unesco), Gaustatoppen, Henrik Ibsen… Det er berre fantasien som sett grensene! Besøk Visit Telemark for meir inspirasjon.

Her kan du finne anna praktisk informasjon kring besøket på Dyrsku'n.

Vi ynskjer deg hjarteleg velkommen til Seljord og Dyrsku’n!