Program for matreise:
Oppmøte v/Stogo. Her er det ei lita orientering før ein går ut på plassen
På Sterke Nils-tunet får du innblikk i sjølvberging på husmannsplassen i møte med Telemarkskyri og budeia. Her kan du følgje mjølka si reise frå ku til bord, prøve å separere mjølk og sjå korleis mjølka blir ysta og kinna.

Ingebjørg viser rundt på SterkeNils tunet
Her får ein også trekke seg tilbake og nyte ein smakfull tallerken med smakar av norsk tradisjonsost, samansett av Bondelagskokken Mette Julius Evensen.

Kokken presenterer maten for guiden og gruppa

Saup-pannekake, kålsalat med kvit geitost og bacon, samt lokal eplemost
Turen går vidare til Matkvartalet der du møter lokalmat-utstillarar frå heile landet som byr på eit mangfald av spennande lokalmatprodukt og Lokalmat-kjøkkenet som lagar lokalmat-pizza. Her kan du presse din eigen eplemost, bli servert eplejuice og fersk gjærbakst frå steinomnen i tunet. Ein får også med seg gode tips vidare om matprogram og matservering på området.

Deltakarane får prøve den manuelle eplepressa hjå LivLaga
Vil du delta på guida matreise? Bestill billett her
Varigheit 2 timar. Ingen aldersgrense. Oppmøte v/Stogo kl 11.00