Dyrsku'n 8.-10. september 2023

Klikk her for å kjøpe billetter

Gunhild Stordalen og EAT til Dyrsku’n

Gunhild Stordalen og EAT skal delta på Dyrsku´n fredag 9. september.

29.08.2022

Foto Jørgen Gomnæs

Korleis skal landbruket føre ein berekraftig matproduksjon i åra framover og korleis kan Noreg styrke mat- og landbrukssatsinga? Korleis skal verda sikre nok og trygg mat til nærare 9 milliardar menneske i 2030?

-Jeg har selv vokst opp på et lite småbruk, og jeg hadde en flott opplevelse på Dyrsku´n i 2016. Jeg gleder meg til å komme tilbake og diskutere hvordan vi skal sikre en bærekraftig matproduksjon både for miljøet, bonden og den norske folkehelsen, seier Gunhild A. Stordalen, grunnleggar og president i
EAT Foundation.

Dei siste åra har det vore ei stor auke i interessa for landbruk og matindustri. På Dyrsku´n skal du mellom ana få informasjon om dei viktige spørsmåla vi står ovanfor når det gjeld matproduksjon, klima og helse.

– Vi er glade for at Gunhild Stordalen deltar under årets Dyrsku. Gunhild skal bl.a. halde innlegg og delta i debatt med Landbruks- og matminister Sandra Borch. Vi har eit uttalt mål om å vere ein nasjonal samfunnsaktør innanfor mat og landbruk, og programmet under årets Dyrsku bekreftar dette.

Dyrsku´n skal vere ein arena der viktige nasjonale og internasjonale spørsmål innan mat og landbruk skal kunne debatterast og diskuterast, seier administrerande direktør i Dyrsku´n Geir Helge Espedalen.

EAT

EAT Foundation er ei global vitenskaps-basert plattform som jobbar med mat, helse, berekraft og klima gjennom samarbeid på tvers av næringsliv, forskarar, politikarar og sivilsamfunnet.

Dyrsku´n

Dyrsku´n er Noregs største handels- og landbruksmesse som i år blir arrangert 9.-11.september. Sidan 1866 har messa vore eit viktig forum for norsk landbruk, kunnskapsformidling og synleggjering av berekraftig matproduksjon. Besøksrekorden frå 2016 var på 94 000 besøkande i løpet av arrangementets tre dagar, og det forventast i år over 800 utstillarar til Dyrskuplassen i Seljord.

Det blir omsett for omlag 500 millionar kroner under arrangementet og det genererast inntekter til lag og organisasjonar på 10 millionar kroner samband med arrangementet.