Hans Kleppens Vandrekrus 2018-2019

Hans Kleppens Vandrekrus skal kvart andre år delast ut til enkeltpersonar med buskapar av Telemarkfe som kan vise til særs godt arbeid for kua innanfor Noreg sine grenser.

14.09.2018

Prisen delast for 2018 og 2019 ut til Aslak Snarteland på Snarteland Gard i Fyresdal. I tillegg til vandrekruset får han eit diplom utsmykka av kunstnaren Borghild Telnes.

Prisen vert dela ut under årets Dyrsku’n fredag 14. september.

 

Vurderingane som ligg til grunn for tildelinga

Aslak Snarteland har i mange år vore ein særs viktig person for arbeidet med å ta vare på telemarkskua, ein av Noreg sine 6 truga og bevaringsverdige storferaser.

Aslak har sjølv den største mjølkebuskapen i landet med telemarkskyr, og tek på ulike vis aktivt del i arbeidet med å sikre og utvikle rasen. Mellom anna har han vore sentral i landslaget sitt embryo-prosjekt og i arbeidet med å etablere Telemarkskyri meieri.

Han har gjennom åra hatt fleire viktige verv i Landslaget for Telemarkfe og vore ein viktig pådrivar for laget sitt arbeid. Han er og ein særs sosial person som bidreg til eit godt miljø der han er. Han stiller alltid opp på fagdagar og turar, og pratar varmt om telemarkskua i alle samanhengar.

I tillegg til å vere gardbrukar er Aslak Snarteland styreleiar i både Telemark Bondelag, Telemark Landbruksselskap og på Dyrsku’n.

Vi takkar med dette for det store engasjementet som er til inspirasjon for særs mange, og som ikkje minst bidreg til at rasen vart sikra som ein del av landet sin rike kulturarv og særs verdifulle biologiske mangfald og genetiske ressursar.

Hans Kleppens Vandrekrus

Sylvkruset frå 1931 er ei gåve frå bonde Hans Kleppen, Gjerpen til Telemark Landbruksselskap. Kruset skal nyttast til framhjelp av fehaldet i fylket og utmerkinga har vore dela ut på Dyrsku’n sidan 1950 av Telemark Landbruksselskap. I juryen sitt eit styremedlem frå Telemark Landbruksselskap, ein representant frå Fylkesmannen i Telemark, Landbruksavdelinga og ein representant frå TINE SA.