Prisen går i år til Jan Tore Solberg frå Enebakk kommune i Akershus. Jan Tore Solberg er ei eldsjel innan trearbeidsfaget, og aldri kvilande i sin iver etter å formidle gleda ved å bedrive eit handverk.
Han har halde utallige kurs, og har både unge, vaksne og godt vaksne som kursdeltakarar. Han har og halde kurs spesielt for ungdom for å rekruttere fleire til eit handverk som kan bli til ein triveleg hobby, eller kanskje eit framtidig yrke.
Han har bygd opp ein stor klubb med ihuga medlemmer rundt interessefeltet TRE, og då spesielt tredreiing, og desse møtast kvar veke året gjennom. Jan Tore Solberg er etterspurt på fagmesser, der han demonstrerer handverket sitt. Han deltek og på kulturdagar, museumsdagar og bygdedagar, og er omringa av publikummarar til ei kvar tid.
Jan Tore Solberg får årets Stimuleringspris for sin unike evne til formidling og for det engasjementet han syner for faget, og rådet vårt til alle som møter Jan Tore Solberg på sin veg er: Lytt og lær, og blir frelst du og!