Heilnorske ostar i ny drakt

Har du høyrt om ystil og knåost og gamalost? Om ikkje, så stikk innom Ystebua på Sterke Nils­tunet, der Bondelagskokk Mette Julius Evensen komponerer rettar med norsk tradisjonsost.

 

07.09.2022

Tekst: Marit Hagen, Tun Byrå | Foto: Dyrsku’n

Knåost har ein sterk tradisjon i Telemark. Før i tida blei han laga på mange gardar. Men no er det snart berre den eldre garde som kjenner han og mange andre tradisjonsostar, og det vil vi gjere noko med, seier Margit Nordstoga Aasan, som er matkoordinator på Dyrsku’n.

Margit synest det er spennande å sjå at dei same ostane har ulike namn i ulike distrikt i landet. Knåosten går til dømes under namna ramost, trøgost og kokost.

– Gamalosten er óg ein spennande norsk ost som har blitt produsert på ulike måtar i ulike landsdelar, seier Margit.

Norsk Tradisjonsost

Saman med Norsk Gardsost, Norges Bondelag og seternettverket Budeieveven ynskjer Dyrsku’n å få fleire til å oppdage særeigne norske ostar. I år har dei fått årets Bondelagskokk med på laget. Mette Julius Evensen er kjøkkensjef og medeigar i restauranten Le Bistro i Trondheim, og no ser ho fram til å bryne seg på norsk tradisjonsost.

– Det var artig å få den utfordringa!

Eg er glad i norske mattradisjonar, og om eg kan få folk til å ete meir tradisjonsost er det kjempestas, seier Mette.

Ystetradisjonar i Trøndelag og Telemark er litt ulike, og knåosten er ny for Mette, men ystil kjenner ho til.

–  Her eg bur, lagar vi ystil som vi kallar skjørost, og som minner litt om cottage cheese. Knåosten er ein slags vidareforedla pultost som er mjuk og kjempegod. Kan hende er folk redd det skal smake muggent, men det gjer det ikkje. Eg skal vise litt veg så dei kan oppdage at det er kjempegodt!

Under Dyrsku’n skal Mette stå i Ystebua på Sterke-Nils-tunet og servere sjølvkomponerte smårettar med tradisjonsosten.

– Det blir ulike smårettar ja. Når det er så mange gode aktørar på ein plass kan ein ikkje servere nokon hovudrett. Eg vil lage nokre variasjonar der eg brukar blant anna ystil, rømme, brunost og kanskje litt knåost.

Engasjement for norske råvarer Som Bondelagskokk er Mette ambassadør for norske råvarer, og juryen grunngav utnemninga slik:

«Årets Bondelagskokk heidrar heller råvarene enn seg sjølv. Ho jobbar knallhardt for å spreie kunnskap og innsikt om alt som ligg bak produksjonen av gode råvarer, som ho er brennande opptatt av å vidareføre

– spesielt til lærlingar og framtidas generasjonar.»

– Det var veldig stort å bli Bondelagskokk. Eg er opptatt av norsk mat, og i rolla som Bondelagskokk vil eg vere ei av dei som er med og løftar og fremjer norsk mat på mi plattform.

Margit Nordstoga Aasan i Dyrsku’n synest det har vore ei fantastisk utvikling av ost i Noreg, med mange produsentar, men ho ynskjer vi hadde komme lenger med norsk tradisjonsost.

–   Mange produserer utanlandske ostetypar, medan dei norske kulturskattane er i faresona. Vi håpar at ein tur innom Ystebua vil inspirere folk til å ta i bruk norsk tradisjonsost på nye måtar, smiler Margit.

I tillegg til osteopplevingar i ystebua under Dyrsku’n, blir det sundag foredrag om norsk tradisjonsost og gamalosten ved Kristin Glûck-Teigland