Fyrst blir det duell for veteranane, så skal ungdommen debattere om framtida.
I år blir det to politiske rundar under opninga. Fyrst skal vi ha ein duell, deretter blir det ungdomsdebatt, seier debattleiar Erik Aasheim, tidlegare NRK-profil og i dag dagleg leiar og partnar i Primus Production. Han er sikker på at resultata frå årets kommune- og fylkestingsval vil prege debatten.
Duell Bollestad vs. Vedum
I duellen skal landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) møte Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum. Eit klimasmart landbruk er den grøne tråden i både duellen og debatten. Kva skal vi ete? Korleis blir livet for framtidas bonde? Korleis skal bøndene bidra til å redde kloden? -Og vi kjem heilt sikkert innom den vanskelege debatten rundt svineoppdrett og dyrevelferd, seier Aasheim.
Frå streik til scene
Når ein skal debattere framtida, er det vel få ting som er meir naturleg enn å invitere dei som skal overta kloden. -Alle skolestreikane for klimaet dei siste månadene har vist at ungdommen har eit stort klimaengasjement. Difor synast vi det var naturleg å invitere ungdomspolitikarane opp på scena på Dyrsku’n for å ta den viktige debatten om klima, mat og landbruk, seier Aasheim. Det er toppane i AUF, Unge Høgre, Framstegspartiets Ungdom, Grønn Ungdom og Senterungdommen som stiller til ungdomsdebatt.
-Det skuldar vi ungdommen
Aasheim håpar folk vil gå heim litt klokare og med ny inspirasjon etter dei har høyrd årets debattar. -Kanskje dei har fått nokre nye idear? Kanskje dei har blitt inspirert til å gjere ting litt annleis? seier han. Landbruket er den største kjelda til utslepp av metan og lystgass i Noreg. I 2018 sto landbruket for drygt åtte prosent av dei totale klimagass-utsleppa her til lands. -Sjølv om norsk landbruk er blant verdas mest klimavennlege, må vi likevel brette opp ermane her heime også. Det krev ungdommen – og det skulder vi dei.