Hels på Dyrskufolen, førebels kalla Lille Propell

Den fortryllande, vesle hingsten er ein Shetlandsponni fødd 7. mai i Drangedal.

31.05.2019

Foto: Eigar og oppdretter Lisa Haugland

 

Mor, Lille Kjærgårds Goronje, er den nest raskaste Shetlandshoppa som nokon gong har gått trav i Noreg og far, Månstorps Fax, var og ein svært god ponnitravar i sin tid. Den vesle bamsen har dermed noko å leve opp til, skal han bli like god som foreldra sine.

Lille Kjærgårds Goronje skal stille på hesteutstillinga på Dyrsku’n, og folen skal sjølvsagt vere med. Han er litt sky og sjenert mot menneskje, men ein særs bestemt og aktiv liten krabat.

Vi får eit innblikk i kvardagen til Lille Propell fram mot Dyrsku’n, følg gjerne Dyrsku’n på Facebook for å sjå fleire bilde av sjarmøren.