Foto: Noregsmeister varmblodshopper, Madelen LTC, deltek på årets Dyrsku saman med oppassar Maria Tverbak Widnes
– Vi har eit ønske om å syne fram mangfaldet av hesterasar i Noreg, og det er alltid spennande å sjå innmeldingslistene når dei blir klare, seier Jorunn Svensson, forbundssekretær i Telemark Travforbund og ansvarleg for hesteutstillinga på Dyrsku’n.
Laurdag kan du sjå hopper og vallakar i seks ulike rasar. Sundag er det unghestane sin tur, med hopper og hingstar frå ni forskjellige rasar.
Pengepremiar freistar
Svensson fortel at Dyrsku’n bruker å få mange flotte individ til hesteutstillinga kvart år. Det er nok blant anna fordi ein god premiegrad her utløyser pengepremiar.
– Kaldblodstravarar dominerer begge dagar, og det kjem mange velrenommerte namn innan travsporten, seier ho.
I tillegg kan ein kvalifisere seg til Veikle Balders Landsfinale på Biri seinare i haust. Utstillinga er ei uoffisiell finaleutstilling for toårige kaldblodshestar og heng høgt. Difor er det inga overrasking at kaldblodstravarane er godt representert på Dyrsku’n også i år.
Ekstra stas med lyngshest
Lyngshest, også kalla nordlandshest, er ein gammal norsk hesterase som lenge var nær utrydningstruga. Heldigvis tok nokon tak i det og no verkar det som trenden har snudd, fortel Svensson.
– Det er ekstra hyggeleg at vi får besøk av fleire nordlands- eller lyngshestar begge dagar i år. Dette er ein allsidig, liten hest, som i tillegg til å vere ein god ridehest, også egnar seg framifrå til ponnitrav, seier ho.
Noregsmeisteren kjem
Varmblodstravarane er godt representert begge dagar. Om alt går etter planen, kan du sjå årets noregsmeister i trav, Madelen LTC, i utstillingsringen på laurdag. Maria Tverbak Widnes gler seg til å vise fram hesten sin på Dyrsku’n.
– Eg har jo høyrt om Dyrsku’n, men har aldri vore der før. Eg har skjønt at det er stort, så no håpar eg Madelen kan gjere det godt der, seier ho.
Widnes skal sjølv nytte høve til å sjå på folkelivet og få med seg noko av alt det andre som skjer på Dyrskuplassen.
– Det blir ei heilt ny oppleving for mi del, så det gler eg meg til, seier ho.
Dyrskufolen kjem
Hesteutstillinga har fått sin eigen maskot i år, og Dyrsku’n-føljarar på Facebook har nok fått med seg den vesle dyrskufolen. Shetlandsponnien Fast n’ Furious, med kjælenamnet Lille Propell, vart fødd 7. mai og er ein liten tøffing, seier eigar og oppdrettar Lisa Haugland.
Lille Propell er avla til trav etter Lille Kjærgårds Goronje, ei av dei raskaste hoppene som har gått trav i Noreg. Far Månstorps Fax var og ein svært god ponnitravar i si tid.
– Den vesle karen har mykje å leve opp til. Han er for ung til å få si eiga bedømming, men deltek som «moralsk støtte» for mor si. Begge to blir å finne på utstillingsplassen på laurdag, seier Svensson.
Full fres i oppvisinga
I pausen på hesteutstillinga på Fjoset laurdag kl. 13.00 blir det ei forrykande hesteoppvisning.
– Zoe Haave og Lotta Daler viser kva Mounted Games går ut på. Dei har begge delteke i EM i Irland og skal ri VM i august, seier Svensson.
Fart og spenning blir det og i Tent Pegging Show. «Tent pegging» er ei grein innan ryttarsporten med røter frå så tidleg som på 300-talets Sør-Asia. Ryttarar rei inn i leirane til fiendane og reiv opp teltpluggar med lansen.
Som sportsgrein er «tent pegging» ganske nytt i Noreg, men har allereie blitt ein populær tilskodarsport blant anna i Groruddalen i Oslo. Ryttarar galopperer på ein 400 meter lang bane og feller såkalla pegs – små pinnar – med ei lanse mens hesten galopperer.