Høgt nivå på hesteutstillinga

Det var eit veldig høgt nivå og svært bra resultat, seier Jorunn Svensson som er ansvarleg for hesteutstillinga.

14.09.2019
Dagens hest

Det blei delt ut heile åtte 1.premiar og 18 2.premiar under utstillinga av hopper og vallakar på Dyrsku’n laurdag.

Foto: Dagens hest «Storhaugs Black Bess» som dermed fekk krans og fat med seg heim frå Dyrsku’n.

 

-Det var eit veldig høgt nivå og svært bra resultat, seier Jorunn Svensson som er ansvarleg for hesteutstillinga.

Så mange som 51 hopper og vallakar var påmeldt laurdag, blant dei var det svært mange som fall i smak hos domarane.

Beste varmblods blei Noregsmeister «Madelen L.T.C.»

LAST NED HEILE RESULTATLISTA HER

Hesten «Mine» blei kåra til beste kaldblodshest. Ekstra artig var at mora «Minti» også var i Seljord, hoppa blei kåra til elitehoppe.