Høgtid og tradisjon på opninga

I opptoget bak går nystrigla kyr og leikne geiter leia av born og vaksne pynta til fest. Ut av vogna stig sjølvaste Sandra Borch, landets landbruks­ og matminister. Det er duka for opning av årets Dyrsku’n.

01.09.2022

Tekst: Stine Helland | Foto: Mona B. Kasin

Opninga av Dyrsku’n har lang tradisjon og vi er ikkje skikkeleg i gang før tri slag i dyrsku-bjølla er gjort. Slik skal det vere når vi opnar Noregs største mat- og landbruksmesse. Vi har eit variert program med innslag som speglar heile spennvidda til Dyrsku’n. Til å leie det heile har vi fått med oss Kristin Saga. Ho er regiondirektør i NHO Vestfold og Telemark, men mest av alt er ho ei sprudlande dame som både er felespelar og kvedar, seier prosjektleiar for Dyrsku’n Marit Mæland.

Ministerbesøk og politisk debatt

Ordførar Beate Marie Dahl Eide (Sp) ynskjer folk velkommen til Seljord kommune, før landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) held den høgtidsame opningstalen.

– Vi er veldig glade for å få besøk av landbruks- og matminister Sandra Borch, og gleder oss til å høyra opningstalen hennar. Ho skal òg delta i ein politisk duell med EAT-leiar Gunhild Stordalen om landbruket, og i ein politisk samtale med leiar i Framstegspartiet, Sylvi Listhaug. Det blir Erik Aasheim, tidligere NRK-profil, nå leiar av Primus Production, som skal ta oss igjennom den politiske delen av opningsprogrammet, fortel Mæland fornøgd.

Dyr, mat og gjæve prisar

Dyra har alltid stått i sentrum på Dyrsku’n og tradisjonen tru går mange av husdyrutstillarane etter hesteskyssen inn på Fjoset der opninga føregår.

– Det blir ein flott prosesjon med geiter, kyr og kalvar av ulike rasar, glade born og vaksne i bunad og stas- klede. Dyra blir ståande framom scena under opningstalen og fram til premieutdelinga for dagens husdyrutstilling. I år blir «Seljordprisen» delt ut til Dyrsku’ns beste geit, og «Dyrskuprisen» til beste ku. Vi skal òg dele ut «Hans Kleppens Vandrekrus» og «Johan Lindeqvist’s Sølvkande». Dette er staselege prisar som heng høgt, kan Mæland fortelja.

På matsida skal prisen for «Årets matprodukt» og «Årets lokalmat- gründer» delast ut under opninga.

«Årets matprodukt» er Dyrsku’ns eigen matpris, der deltakarane sender inn produkt til dømming. «Årets lokalmatgründer» ei kåring basert på nominerte kandidater frå heile landet.

– Det er ingen ringare enn ministeren som skal overrekkje prisane, og vinnarane får flotte premiar, i tillegg til heider og ære, seier Mæland.

Musikalske innslag og skråblikk på landbruket

Undervegs i programmet vert det song og musikk av Jon Solberg frå Bø i Telemark. Han er kjend som vokalist og frontfigur i countryrock-bandet

«Ni liv» og spelar både gitar, banjo, fele og hardingfele, fortel Mæland.

– Til slutt skal Kari Slaatsveen kåsere. Ho vil kaste eit skråblikk på landbruket og den norske bonden. Slaatsveen er ei kjend radiostemme og programleiar frå NRK. I tillegg til å vere journalist er ho sjølvutnemnd «bybonde». Slaatsveen har veldig gode refleksjonar og er fin å høyra på, så dette trur eg blir bra, fortel Mæland og oppfordrar samstundes alle til å få med seg opningsshowet.

 

POLITISK DUELL
●  Sandra Borch, landbruks- og matminiser (Sp), møter EAT-sjef Gunhild Stordalen

POLITISK SAMTALE

●  Sandra Borch, landbruks- og matminster (Sp) og Sylvi Listhaug, leiar FRP

OPNING AV DYRSKU’N

15.55: Husdyrparade

16.00: Offisiell opning med talar, politisk debatt og duell, kulturelle innslag og utdeling av prisar for både mat og dyr