Dyrsku'n 8.-10. september 2023

Klikk her for å kjøpe billetter

Husdyr-camp på Dyrsku’n!

Skal du stille ku, geit, kjøttfe eller hest på Dyrsku’n 2022 og treng overnatting? Da bør du lese dette!

07.07.2022
Husdyr på Dyrsku'n

Vi feirar at Dyrsku’n endeleg er tilbake 9. – 11. september 2022 med å tilby camping på tilvist område for dei som stiller dyr til dømming/utstilling. Vi håpar at campen kan bli ein sosial møteplass for alle som stiller dyr hos oss😊

 

Området ligg sentralt og prisen er pr. natt (inkl. tilgang til straum):

Campingvogn/bubil/buss kr 400
Telt og bil kr 350
Ekstra telt  kr 150

Er dette av interesse – registrer deg hos post@dyrskun.no så kjem vi tilbake til plassering og fakturering.

Viktig å huske på når du sender oss e-post:

  • Namn og mobilnr.
  • Når ynskjer du å overnatte? Frå dag – til dag
  • Kva slags dyr stiller du ut?
  • Kva skal du bu i? Kjem du i bubil eller campingvogn må du oppgje lengda på denne
  • Kor mange plassar ynskjer du?
  • Kor mange personar kjem på plassen?

Vi gjer merksam på at bubil/vogn/buss må ha røykvarslar installera og eininga må ha brannslokkingsapparat.

Det er ikkje påkravd med brannslokkingsapparat i telt, men vi tilrår deg å ha det med.

 

Vi gleder oss til å sjå deg og dyra dine på Dyrsku’n i september!