Hyttemessen og Dyrsku’n inngår samarbeid

Hausten 2023 føyer Dyrsku’n, Noregs tradisjonsrike og største handelsmesse, endå ein attraksjon til sitt fyldige program: Ei variert og innhaldsrik hyttemesse. Nordens største i sitt slag, Hyttemessen AS, kjem med heile 40 utstillarar til Ridehallen i Seljord.

19.12.2022
Hyttemessen AS og Dyrsku'n Arrangement inngår samarbeid

Frå venstre: Geir Helge Espedalen, adm.dir Dyrsku’n, Yvonne Eilefstjønn, sals- og marknadsleiar Dyrsku’n, Tore Bjørnstad, Hyttemessen og Per Levik, Hyttemessen.

Foto Leif Magne Flemmen

 

– Dette er eit samarbeid vi lenge har ynskt oss. Dyrsku’n er ein unik møtestad for fagfolk og publikum frå hele Noreg. Fleire av våre utstillarar på Hyttemessen på Hellerudsletta har vore opptatt av å treffe det talrike publikummet i Seljord, seier Tore Bjørnstad i Hyttemessen AS.

 

Dyrsku’n har gjennom sin meir enn 150-årige historie hatt landbruk og matproduksjon som kjerneverksemd. Repertoaret er gjennom åra blitt utvida med innslag frå stadig fleire sektorar.

 

I dag er Dyrsku’n viden kjent som ein tre dagar lang folkefest med tilreisande frå heile Noreg. I september i år hadde Dyrsku’n 90.000 besøkande.

 

– Dyrsku’n er rotfesta i norske tradisjonar. Hyttelivet har jo og sine røter djupt planta i norsk kultur. Gjennom generasjonar har hyttebygginga bidratt til at norske handverkstradisjonar er blitt vidareført. Mange bygdesamfunn kan truleg takke hyttenæringa for stabilitet og sysselsetting, seier Per Levik.

 

Vi er særs tilfredse med å inngå samarbeid med Hyttemessen. Hyttemessen er eit særs godt konsept som vil bli ein ny og spennande del av handelsmessa og folkefesten Dyrsku’n, seier administrerande direktør i Dyrsku’n Geir Helge Espedalen.