Ei stadig aukande interesse for kjøp av bil på handels- og landbruksmessa Dyrsku’n ligg til grunn for eit samarbeid mellom partane.
Handelen på Dyrsku’n har årleg ein halv milliard kroner i omsetnad, og vi veit at folk ynskjer seg eit mangfald innan både bransjar og produkt når dei kjem til messa. Dyrsku’n er difor glad for å kunne legge til rette for eit endå betre handelstilbod når dei besøker oss, seier sals- og marknadsleiaren i Dyrsku’n Yvonne Eilefstjønn. Det er ingen tvil om at det vert handla stort innan landbruk og anlegg, men vi ser òg at innan andre bransjar er handelen svært god, og den aukar. Årsaken trur vi er det store mangfaldet du finn på Dyrsku’n, noko vi er svært opptatt av å halde fram med, fortsett Eilefstjønn.
Både Bilsenteret og Autosenteret held dagleg til på Notodden og er forhandlarar av Volvo og Volkswagen. Dei besøkte messa for fyrste gong i fjor. «Det er gode handelstradisjonar på Dyrsku’n og vi er svært glade for å vere ein del av det store produktspekteret Dyrsku’n kan by sine mange besøkande. At det er heile 11 bilmerke representert på plassen ser vi som ein fordel, då vi veit at folk set pris på eit godt utval. Vi har med oss bilar i mange kategoriar, så her bør det vere noko for ein kvar smak. Vi gler oss stort til årets messe», seier dagleg leiar i Bilsenteret Terje Bergskås.