Kje-kjøt til folket

Det er ei delikatesse. Det er gørrgodt!

09.09.2017

Meiner bondelagskokk Nils Henning Nesje.

Midt mellom kylling og lam i smak, og med potensiale til å bli noko av det saftigaste kjøtet du har smaka; der har du kje-kjøtet. Men kje-kjøt er ein ressurs vi kan bli endå betre til å utnytte. For vil ein ha geitemjølk til geiteost, så må ein ha kje.

Soga om korleis me brukar kje-kjøtet liknar mykje på dagens debatt om hønsekjøt i butikkane. Tidlegare blei kje-kjøtet ofte kasta, men no har heldigvis mange fått opp augo for det velsmakande kjøtet. Nokre butikkar har til og med kampanjeveker med kje-kjøt i fokus.

Nede på Sterke Nils-tunet kan ein få sjå og smake på kje-kjøt på Dyrsku’n. Bondelagskokken Nils Henning Nesje, har ei travel Dyrskuhelg som dommar i delfinalen i «Det norske måltid» og foredragshaldar om mat, reiseliv og matsvinn. Men han finn også tid til å formidle tips og triks om korleis ein omnsbakar kje-kjøt. Etter 2,5 time i steinomnen vil det også vanke smakebitar for den som ynskjer det.

Lyst til å smake? Gå til Sterke Nils-tunet laurdag kl. 16.00 og sundag kl. 12.00