«Søppel som ressurs er eit relativt nytt omgrep hos forbrukarar, men bransjen har brukt desse orda lenge», seier Kjell-Arvid Polsrød, salsrådgjevar for gjenvinning og miljø i Ragn-Sells. Den familieeigde gjenvinningsentreprenøren ser på søppel som ein ressurs. Dei transporterer, sorterer og gjer om alt slags avfall frå både næringslivet og private kundar. No skal dei altså ta hand om avfallet frå Dyrsku’n. «Ein stor jobb er allereie lagt ned, og ein stor jobb skal gjerast når publikum kjem til Seljord», seier han.
Litt annleis enn heime
Prosjektleiar i Dyrsku’n, Marit Mæland, er samd. Ho seier at kjeldesorteringa på plassen blir litt annleis enn den du er vant med heime. For å få det til treng Dyrsku’n di hjelp. «Vi skal ikkje sortere alt, men vi har ein del fraksjonar. For publikum er det tre som er aktuelle: blanda avfall, pant og emballert matavfall», seier ho. Pant og blanda avfall, tidlegare kalla restavfall, er greie nok å forstå. Det såkalla emballerte matavfallet er ei litt større utfordring. «Emballert matavfall er rett og slett alt avfall som har vore i kontakt med mat. For publikum hjå oss tyder det at papptallerkar, koppar, bestikk og matavfall skal kastast i dunkane for emballert matavfall», forklarar Mæland.
Eit godt eksempel
Polsrød meiner satsinga og samarbeidet er viktig for både Dyrsku’n og miljøet. Det kan og vere ein inspirasjon for andre. «Det at Dyrsku’n tek dette med kjeldesortering såpass nøye no, visar at dei ynskjer å gå føre som eit godt eksempel». Han fortel at alt matavfallet blir gjort om til biogass. Det blanda avfallet blir sortert på ein spesiell måte, slik at det gjer meir energi og mindre utslepp når det går til forbrenningsanlegga.
Vinn att gips og trevirke
Tanken er at alt avfall skal kunne brukast om att. Jo meir av materiala som blir vunne att, jo betre for miljøet. Polsrød forklarar at det har skjedd mykje på denne fronten dei seinare åra. «Der ein før i tida tok inn mykje av avfallet på eit anlegg, kverna det og ofte deponerte det, blir det i større grad sortert ut i dag. No er det eigne løysingar for kvar type avfall», seier han. Dei har til dømes starta med attvinning av gips, og gipsen blir no til nye gipsplater. Blanda, ikkje-impregnert trevirke skal vinnast att og brukast til sponproduksjon. I dag går under ein prosent av omsetjinga deira til deponi, noko Polsrød meiner ingen andre aktørar er nær å kunne matche.