Husflidutstillinga på Dyrskun, bilde av gensere.

Kriteria for husflidsutstillar

Vi har fokus på kvalitet på produkta som blir seld i hall A. Kva for kriteria er det utstillarane må oppfylle for å få tildelt standplass i husflids- og handverkshallen?

Vi har fokus på kvalitet på produkta som blir seld i hall A, samt eit mangfald i teknikkar innan husflid og handverk. Det vil vere opp til arrangøren i samarbeid med ei fagnemnd å velje kven som får plass i hallen.

Dyrsku’n vil prioritere utstillarar som har dette som næring, nye utstillarar som ynskjer å utvikle seg frå hobby til næring og yngre handverkarar som er i etableringsfasen. Dette må informerast om til arrangør i søknadsskjemaet.

Om utstillarane kan vise fram arbeid i produksjon på standplassen sin, vil dette vere eit pluss.

Dei som ynskjer ein standplass i Husflids- og handverkshallen – Hall A – under Dyrsku’n, sender inn elektronisk søknadsskjema på vårt kundesenter innan 1. februar.

Det er mogleg for fleire utstillarar å dele ein stand, der kvar enkelt utstillar betaler påmeldingsavgift. Firmanamnet blir publisert på utstillarlista på nett og i messeavisa som blir trykt opp i 120.000 eksemplar.

 

Praktisk informasjon

  • Søknadsfristen er 1. februar kvart år, og tildeling av standplass vil bli offentleggjort i løpet av mars. Det er mogleg å sende søknad etter oppgitt frist.
  • Påmeldingsavgift er kr. 625,- inkl..mva. Avgifta blir ikkje refundera ved avbestilling og/eller søknad trekt tilbake.
  • Faktura for standleige vil bli sendt ut i mai.
  • Storleiken på standplassane i Hall A er i ulik storleik frå 4-8 kvm. Hovudregelen er at det kun delast ut ein standplass pr. deltakar.
  • Salsstanden skal vere betjent og i drift under marknadens opningstid for gjestene.
  • Bli kjent med reglane for utstillarar på Dyrsku’n.
  • Arrangøren har vakthald på marknadsområdet frå og med måndag i arrangementsveka til og med måndag etter at arrangementet er avslutta. Hallen vert låst utanom opningstid.

Søk på standplass for husflid, handverk & design på Dyrsku’n

Det er fullt mogleg å overnatte i campingvogn/bobil når du er på Dyrsku’n, så lenge du har bilen på din eigen stand og denne ikkje er plassert synleg for publikum.

Dersom du ynskjer andre moglegheiter, har vi ein utstillarcamping med dusj/wc/straum å eit område rett på utsida av Dyrskuplassen.

Hugseliste for deg som skal overnatte på Dyrskuplassen

Ha røykvarslar og brannslukningsapparat montera i vogna/bilen. Brannvaktene våre vil ta stikkprøver på dette.
Meld inn antall personar i vogna/bilen på Utstillarkontoret
Ha respekt for andre som ynskjer å sove, dei er her på jobb. På Dyrskuplassen skal det vere ro mellom kl. 24.00-06.00.

For deg som ynskjer å overnatte på utstillarcampingen

Send inn ein elektronisk booking til Grenlandsaksjonen på www.grenlandsaksjonen.no

Ved spørsmål, ring mobil 930 47 303.

LES BRANNVERNREGLANE FOR UTSTILLAR HER

Ikkje det du var ute etter? Sjå her for oversikt over ledig overnatting i området rundt Dyrskuplassen

 

Åpne på egen side

Dersom du har ein tilsett som skal jobbe kun ein dag på Dyrsku’n, kan du kjøpe dagskort som bytast inn i eit band som er gjeldande valfri dag.

Meir informasjon om dagskort utstillar finn du her.

Åpne på egen side

På Dyrsku’n har vi tilrettelagt for at utstillarane skal få seg eit pusterom og litt næring i kroppen.

Utstillarkantina finn du på Storstogo, i samme lokale som utstillarkontoret. Her kjem du berre inn med id-band som adgangsbevis (kundekort gjeld dessverre ikkje). Vi serverer berre heimelaga mat med norske råvarer.

 

 

Åpne på egen side

Tildeling av standplassar startar opp fortløpande etter at søknadsfristen har gått ut 1. februar. Informasjon om plasstildeling blir sendt ut så snart dette er klart, truleg i slutten av mars.

Søknader som kjem inn etter fristen, blir sett på venteliste til den fyrste tildelinga er ferdig.

Ytterligere informasjon om tildeling av standplass finn du her.

Åpne på egen side

Påmeldingsavgifta er å rekne som eit administrasjonsgebyr som ikkje vil bli refundert.

Informasjon om påmeldingsavgift og standleige finner du her

 

Åpne på egen side

Siste frist for avbestilling av standplass er 15. juni. Ved avbestilling etter oppgitt dato, må standleige betalast i sin heilheit.

Les meir om gjeldande reglar for utstillarar her

Åpne på egen side