Kvasse knivblad og sarte tekstilar

Knivblad, bunadsband og tobakkspiper på Husflidsutstillinga Dyrsku’n – tevling i handverk & design

30.08.2019

Kvart år i slutten av august, akkurat på tampen av sommaren, samlar delar av eliten i det norske husflids-, handverks- og designmiljøet seg i Husflidshallen på Dyrskuplassen. Det er tid for dømming i Husflidsutstillinga Dyrsku’n, som er Noreg si største tevling innan handverk og design.

Heile nitten dommarar har vore i sving for å vurdere arbeida som er sendt inn innan dei seks kategoriane tre, tekstil, sylv, smiing, kniv og rosemåling. Nivået på dei innsende arbeida er som alltid særs høgt – likevel har nok dommarane vore særs imponerte over både kvalitet og mangfald akkurat i år, og superlativa har sete laust.

Dyrsku’n og Norges Husflidslag synast det er ekstra moro å sjå at tevlinga har ein del nye deltakarar, i tillegg til at dei yngre som har delteke dei siste par åra, har sendt inn arbeid på nytt i år. Saman med eit stadig større mangfald når det gjeld uttrykksformer, gjev dette gode føresetnadar for tevlinga og utstillinga i åra som kjem.

LAST NED PREMIELISTA 

Kven var dommarar i dei ulike kategoriane?

TEKSTIL:
Mona Lund-Riise Løkting
Terje Lia
Anlaug Buen
Dorthe Herup

TRE:
Knut Abrahamsen
Tine Spuur
Mari Fallet Mosand

ROSEMÅLING:
Mari Ormberg
Vigdis Berg Nordgarden
Rune Nesher

KNIV:
Gunnar Momsilovic
Rolf Bauge
Jan Arild Jansen

SMIING:
Øystein Myhre
Steven Carpenter
Øyvind Klausen

SYLV: 
Hilde Nødtvedt
Tom Ståle Moseid
Anne Wiker Naas