Foto: Bondelagkokk Nils Henning Nesje brenn for gode råvarer, og mørbrandbiff med saus laga av mellom anna geitemjølk og fløte smaka svært godt syntes Hege Aabø Østbø (t.h.).
Smaksprøver på ost og skinke freista mange matglade.
Frå morgonen av fann ein også bondelagskokken Nils Henning Nesje bak disken i full gang med å spreie kunnskap om korleis ein kan få til smakfulle rettar laga av det beste av råvarer frå den norske bonden.
Bondelagskokken utnemnast annakvart år i regi av Noregs Bondelag. Bondelagskokken skal vera med på å skape betre kontakt frå bonde via kokk til forbruker. Nils Henning Nesje er valt til Bondelagskokk for 2017 og 2018.
Sunnmøringen har vore på fleire arenaer på Dyrsku’n; som dommar i delfinalen i ”Det norske måltid, føredraghaldar og som formidlar av kokkekunst basera på gode råvarer.
Og bondelagskokken var nøgd med tilgangen på råvarer på Dyrsku’n. «Det er eit stort og godt utval her, heilt frå dei små produsentane til dei store. Og det er høg kvalitet på produkta», seier Nesje.
Med blåmuggost i sausen
Nesje freista folket med smaksprøver av mørbradbiff dekt med velsmakande saus basera på norske råvarer. Og mørbradbiffen kom frå kjøttferasen charolais. «Det er meir djupne i smaken på det kjøtet», forklara Nesje.
Saman med kjøtet hadde kokken laga ein saus av like delar fløte og geitemjølk, koka det ned og tilsett blåmuggosten Selbu blå saman med ein god klatt Kviteseidsmør. Alle kunne få smake på resultatet, eit saftig og mørt kjøt, som saman med sausen fekk ein fantastisk god smak med ein spanande snert. «Det smaka veldig godt», kunne Hege Aabø Østbø frå Bø konstatere.