20 % auke til årets Dyrsku

tirsdag 12. mai 2015

1. april gjekk fristen ut for utstillarpåmelding til årets Dyrsku. Interessa har vore enorm, og søknadsbunken visar 20 % auke. 

11. -13. september går den tradisjonsrike Dyrsku´n i Seljord av stabelen og opp mot 700 utstillarar vil stå klare for å ta imot opp mot 90 000 besøkande på Dyrskuplassen. Responsen til årets messe har vore formidabel. Søknadsbunken har gått opp heile 20 % frå 2014. 

Anlegg og husflid aukar mest
Årets utstillarar er jamnt fordela mellom Dyrsku´n sine primærområde; landbruk, anlegg, handel og husflid. Det er især områda anlegg og husflid som i år har hatt ein kreftig vekst. Arrangementsansvarleg Annette Ajer meiner forklaringa ligg i ein lengre prosess om å auke kvalitet og innhald på enkelte av områda på messa, i tillegg til eit lyft i det generelle marknadsarbeidet. "Me er veldig fornøgde med årets søkarar. Ikkje berre mengda av utstillerar, men og kvaliteten og breidda. Dette vil kome publikum til gode."

Utstillarlista til årets Dyrsku´n vil offentliggerast før sumaren.