5 på Dyrsku`n

lørdag 12. september 2015

Me har vore rundt og møtt nokon av gjestane her på Dyrsku’n, for å høre kven dei aller helst ville tatt med seg hit. Nokon ynskjer å ha med seg venninna sin, andre vil ha med seg Jonas Gahr Støre til Dyrsku’n. Kven ville du tatt med?

- Hei! Kva heitar du?
- Alice Haukelisæter
- Er det fyrste gongen du er her på Dyrsku’n?
- Nei. Eg trur dette er mitt 30. år faktisk!
- Oi! Det er ikkje dårlig!
- Jammen det er jo så koseleg å være her! I dag bare tittar eg rundt. Men man kan jo gjere ein svært god handel her.
- Kven ville du tatt med deg hit til Dyrsku’n da, dersom du skulle hatt med deg noen?
- Eg ville tatt med meg venninna mi Nora. Ho er det alltid så koselig å gå rundt med!

Innover i landbruksområdet, ståande og diskutere traktorer, møter me ordfører i Hjartdal kommune og fylkesordførarkandidat Sven Tore Løkslid (AP), som kjem rett frå debatt. Han er her fyrst og fremst for å delta i fylkesordførardebatten, men seier at det også er viktig å møte folk og minne dei på å bruke stemmeretten.

- Nå er det under 100 timer igjen til valet, da er det viktig å minne folk på å stemme!
- Kven ville du tatt med deg hit til Dyrsku’n?
- Eg ville tatt med meg Jonas Gahr Støre for å vise ham kor viktig Dyrsku’n er. Dette her er jo stort, og viktig for så mange menneskjer. Det har eg lyst til å vise ham. Til neste år er han nok her!

Når me passerar fjoset møter me to jenter som sitt og tar ein pust i bakken på en benk. Det viser seg at de er her fordi de synes det er gøy med karusellar og at det er så mye hyggelige folk her.

- Kva heiter dykk?
- Me heiter Oda og Thea! Me er 10 år gamle begge to.
- Har dykk vore på Dyrsku’n før?
- Ja, me har vore her så lenge me kan huske. Me bur i Sauherad, det er ikkje så langt herfrå.  
- Kven ville dykk tatt med dykk hit til Dyrsku’n?
- Eg ville tatt med meg mamma, seier Thea. Ho har vore her før, men i dag er eg her saman med Oda.
- Eg ville tatt med pappa! Seier Oda. Han kunne ikkje bli med i dag.

Blant traktorer, skurtreskere, høgvogner og gjødselspredere står det ein mann og lenar seg til en traktor saman med sin kone. Det viser seg å være Arild Nystog. Han har vore på Dyrsku’n mange gonger før, og er her for å sjå på ting og å møte folk.

- Kven er du saman med her i dag?
- Eg er her med heile familien. Kone, born, barneborn. Ein heil gjeng!
- Kven andre ville du gjerne tatt med deg på Dyrsku’n?
- Ha! Det kan eg ikkje sei! Seiar Arild, som framleis står saman med sin kone.

Siste ut i vår 5 på Dyrsku’n er Guri Ramtoft, som sitt saman med sin venninne utanfor fjoset.

-  Eg har vore på Dyrsku’n nesten kvart år sida eg var liten. Eg pleier å være her for å sjå på dyreutstillingane. Men det er jo også hyggelig å møte så mye kjentfolk også er det mange gode tilbod her.
- Kven ville du tatt med deg til Dyrsku’n?
- Eg skulle gjerne hatt med meg den nye idrettspresidenten, Tom Tvedt.
- Kvifor ville du hatt med deg ham?
- Fordi eg gjerne vil vise ham kor flott Telemark er. Eg vil vise ham ein bit av Telemark. I tillegg er han ein hyggeleg og jovial fyr, som hadde kost seg her! Han er veldig glad i å prate med folk og å møte nye menneskjer. Og det er jo det Dyrsku’n handlar om!