Årets matprodukt 2015

12. september 2015

Årets matprodukt på Dyrsku’n 2015 karakteriseras som eit tradisjonsrikt produkt basert på lange handverks- og mattradisjonar.

"Tusen, tusen takk! Dette var kjempegøy! Eg må få takke mor mi som har læra meg å bake lefse. Heilt sidan barndomen har me blitt fora med lefsene på Jessheim, dette er noe me trur har stor marknadsverdi, seier ein fornøgd vinnar. 

Jury:

Oddvin Slåttedalen, Kokkenes Mesterlaug Telemark
Ellen Dagsrud, Telemark Landbruksselskap
Hanne Frosta, Årets Dyrsku-kokk

Prisens innhald:

  • Ære og heidring på årets Dyrsku
  • Diplom

Grunngjeving:

Årets matprodukt på Dyrsku’n 2015 karakteriserast som eit tradisjonsrikt produkt basert på lange handverks- og mattradisjonar.

Råvarene er typisk norske, helst knytt til fjellbygdene, og spesifisert ved art i namnet.

Produktet presenterast ærleg og enkelt, og forventning om å kjenne att råvare bekreftast i smaksopplevinga. Dette bidreg positivt til produktets meirverdi.

Med sin naturlege gode smak og innbydande utsjånad og konsistens, vil produktet vere svært anvendeleg til det meste, alt i frå typisk tradisjonskost til nyskapande, rask gate-mat. Det passar like godt til kjøtt og fisk, som til grønsaker, meieriprodukt og søte smaker.

Juryen meiner på bakgrunn av dette at årets produkt har eit betydeleg marknadspotensial, og det bør kunne inspirere fleir til å utvikle produkt basera på den store smaksrikdomen som ligg i ulike arter og sorter.

Årets matprodukt på Dyrsku’n 2015 går til Kjevla Hjemmebakeri AS på Nøtterøy for produktet mandelpotetlefse!   

Vi gratulerer!