Årets matutstillar 2015

lørdag 9. mai 2015

Kvart år inviterar Dyrsku´n ein lokalmatprodusent til Dyrsku´n. No er årets matutstillar bekrefta. 

Det er produsenten Han Sylte som i år får gleda over å vere årets Matutstillar på Dyrsku´n. 

Han Sylte er eit firma som drivast av eit ungt par busatt i Nordland fylke. Han Sylte produserar gulrotmarmelade laga på gulrøtter frå bygda Valnesfjord. Jorda i Valnesfjord er djup og formodna, noko som gjer at høve for gulrotproduksjon er optimale. Valnedsfjord ligg 67 grader nord, ovanfor polarsirkelen. Med lys heile døgeret og låge temperaturar, blir gulrota ekstra søt, og egnar seg difor godt til gulrotmarmelade. 

Han Sylte lagar tre forskjellige variantar av gulrotmarmelade. Klassisk, Cognac og Mørketid. Det er ei delikatesse, ei gåve, og ei oppleving. Dei er opptatt av miljø, design, historie, tradisjonar og matopplevingar. Produksjonssjef Håvard Winther ser fram til årets arrangement. "For oss er dette minst like flott som å bli invitert til Berlin og Grüne Woche". Meir info om Han Sylte på Dyrsku´n kjem nærmare årets messe.