Årets stand

12. september 2015

Årets stand er kåra. Sjå kven som vann den gjeve prisen her.

Det var i år Herborg Bruland Vev i Hall A7 som i år gjekk av med prisen for Årets stand. 

"Tusen takk", seier den glade vinnaren. "Dette var kjempe gøy! Det er fyrste gong eg er her på Dyrsku´n, og har lagt mykje arbeid i å få på plass standen. Eg er svært takknemleg og stolt over at eg som enkeltbedrift vinn over alle dei store, flotte bedriftene.  

Juryen seier:

«Bruland har ein enkel, men stilig stand, der ho får produkta sin godt fram. Standen er ikkje overfylt med varer og produkta er innbydande. Sorteringa av varer etter fargespekter var spennande og ein får lyst til å gå inn til og sjå. Bruland vevar interiørtekstilar, mest i lin eller ull».