Bli kjent med Han Sylte

19. juni 2015

Årets gjesteutstillar er Han Sylte. Den vesle produsenten av gulrotmarmelade og gulrotpesto har på kort tid fått stor anerkjennelse i både inn- og utland. Bli bettre kjent med Han Sylte her! 

Det er ein stor ære for Han Sylte å bli forespurt om å vere ”Årets matutstillar” på Dyrsku´n 2015. For oss er dette ein milepæl. Dyrsku´n Handel- og Landbruksmesse ligg 140 mil fra der me bur, og den besøkast av dobbelt så mange menneskjer som landets største musikkfestival. Det er stas.

Han Syltes historie starta da Mathilde i sine barneår vart introdusera for mattradisjonen og handtverket sylting av bær. Dette på 90-talet med mor og bestemor som  læremestare. Spol så fram til 2010 hvor Mathilde hadde møtt sin utkåra Håvard. Håvard var i studiepraksis i København og hadde med seg nordover eit glas med grønn tomatmarmelade som falt i smak hos det forelska paret. Ikke bare falt det i smak, det blei aldri gløymt. I 2011 laga dei sin ege variant, kokt på gulrot frå Valnesfjord –ettersom grønne tomatar sjeldan er å finne nord for polarsirkelen. Glasa, merka med ”Han Syltes Gulrotmarmelade”, blei gjeve som julegåve til vener og familie. Etter å ha fått to gutar; den fyrste i 2012, den andre i 2013, fant paret ut at tida var inne for å introdusere Han Sylte til omverda.

Alfa i Han Syltes Omega er Harald Stokland. Han har eit godt ry, er ein 75 år gammel grønnsaksbonde og gulrotnerd som leverer det ypperste av råvarer for Han Sylte.

Han Sylte fikk etter kvart kjennskap til at gulrotgraset var rekna for å vere litt av ein delikatesse i andre deler av verda. Etter å ha lest seg opp på ”duskens” eigenskapar og moglegheitar blei det laga ein pesto av gulrotgras. Denne pestoen blei eit spanande tilskot til det gulrotbaserte firmaet. Etter å ha samla inn og forvellet gulrotgras som skulle vare til hausten 2015 – blei Han Sylte utsolgt for Pesto allereie i desember 2014. Den siste rest som fanst blei satt av til Grüne Woche i Januar 2015. Pestoen har eit bredt bruksområde; blant anna kan den brukast i sausar, pasta, salat, marinade, pizza, til ost og spekemat. Den kan minne om andre typar pesto i smak, men er ikkje like dominerande som den vanlege basilikumpestoen. Responsen fra kunder og fagfolk har vore unisont positiv.

Han Syltes Gulrotmarmelade og Pesto av gulrotgras er ein lett blanding av kulturarv og nybrottsarbeid. Det seiast at det beste du kan gjere for å bevare mattradisjonar er å fornye dei - noe Han Sylte ynskjer å bidra til. Men aller mest handler det for oss om god mat! Me sjåast!