Bli med på ølsmaking

12. september 2015

Kl. 12.00, 15.00 og 18.00 arrangeras det ølsmaking i teltet ved Storstoga. Me anbefaler alle ølinteresserte å bli med!

Ynskjer du å lære meir om korleis øl og mat passer saman, eller kva som gjer ein øl grumsete i fargen? Da vil me anbefale å dra på ølsmaking i teltet ved Storstoga. Her holdast det ølsmakingskurs kl. 12.00, 15.00 og 18.00 på laurdag, og 12.00, 15.00 og 17.00 på sundag. Det er Åsmund Rinde frå Fjellbryggeriet og Jan Halvor Fjeld frå Veholt Mikrobryggeri som held kurset, som openbart har lang erfaring med, og inngåande kjennskap til ølbrygging. Dei starta kommersiell drift i 2013, og har sidan selt mange ulike typar øl til øltørste nordmenn.

Mange øltørste nordmenn var det også tilstade under dagens ølsmaking da me var innom for å føle på stemninga. Sjølv om mesteparten av deltakarane var menn, skorta det ikkje på adjektiver som «herleg», «vidunderleg» og «fantastisk». Det var tydeleg at kombinasjonen av heimebrygget øl og mat fall i smak.

Det ble servert 6 ulike typar øl, alle akkompagnert av en liten bit med mat. Nokre av øltypane har fått namn etter Telemarksuttrykk. Eit eksempel er «Såmt» som betyr disig eller uklar og «Tyst», mens andre rett og slett har blitt oppkalla etter sitt utsjånad, slik som det mørke ølet «Veholt Mørk». Det dei alle hadde til felles var ein smak som ikkje minner om den klassiske pilsen man får på butikken.  

Det er ikkje berre smaken som er i fokus under dette kurset. Me får også mange gode tips, som eksempel om korleis man kan lage is av øl, eller korleis man bruker øl som base i sirup. Det er mykje kunnskap om, og interesse for, øl i dette rommet, og kursleiarane er flinke til å formidle kunnskapen på ein måte som gjer at deltakarane forstår. I det me får servert øl nr. 4 går det likevel litt fort i svingane for nokon. «Dette er ein noko bitter øl, med mykje smak av humle» seier Fjeld, og før han har rukke å fortelle konsekvensane av å smake på ubehandla humle, er det ein av deltakarane som har tatt sjansen. «Oi!» høyrast det frå deltakaren. «Kremt, ja eg skulle til å si at det treng de ikkje å smake på. Den smaken sitter nok i munnen resten av dagen» forklarar Fjeld, og me har alle lært at rein humle er til å lukte på, ikkje til å smake på.

For gode mat- og drikkeopplevingar anbefaler me ein tur innom ølsmakingsteltet. Utanom kurstider kan einfå kjøpt glas med ulike typar heimebrygget øl frå begge mikrobryggjeria i teltet.