Årets brudepar er klart!

18. juni 2015

Laurdag 12.september skal nok eit par smis i hymens lenkar. Bli betre kjent med paret her.

Mari Line Fosse og Øyvind Andreas Åleskjær-Nordheggen er i år paret som skal smies i hymens lenker. Mari Line er oppvaksen på Trollebotn i Seljord, Øyvind er frå Oslo. Saman har dei to born, Adele Karinia på 12 år og Trym på 9. Familien på fire flytta tilbake til heimbygda til brura i 2013, og bur nå i Seljord. 

Til dagleg har Mari Line ei stor interesse for hest, og til hausten er planen at ho skal jobbe med opplæring innan voltige. Øyvind er datatekniker og jobbar som sjølvstendig næringsdrivande. Han er også numismatikar - med andre ord, han har god greie på gamle myntar. 

Paret giftar seg i Spania i sommar, og 12.september vil du kunne bli med når paret blir smidd i Hymens lenker på Sterke Nils tunet. Mari Line og Øyvind er det 12.paret som smis i Hymens lenker under Dyrsku´n. Tidlegare brudepar har vore frå blant anna Østerdalen, USA og Telemark.