Lundteigen og sandberg til duell

6. juli 2015

For andre år på rad er det klart for politikarduell og landbruksdebatt på Dyrsku´n. Med fjorårets debatt friskt i minne kan publikum sjå fram til heite diskusjonar og dagsaktuelle tema når landets største handels- og landbruksmesse går av stabelen 11. – 13.september.

Årets debattantar inkluderar blant anna forskar Ivar Gaasland, Senterpartiets Per Olaf Lundteigen, og FRPs` nestleiar Per Sandberg. Dei to siste skal og ut i duell framfor Dyrsku-publikummet. 

Populær debatt i 2014

At Dyrsku´n set fokus på mat- og landbruksdebatten i Noreg er ikkje noko nytt. Sidan opninga i 1866 har handels- og landbruksmessa vore ein viktig instans for utviklinga av det norske landbruk. Likevel var det fyrst i 2014 at debattformatet fann stad, då landbruks- og matminister Sylvi Listhaug gjekk i debatt med blant anna Senterpartileiarr Trygve Slagsvold Vedum direktesendt på NRK. Opninga som inkluderte debatten ble ein av dei mest besøkte i Dyrsku´n si snart 150 år lange historie.

Til hausten kan publikum forvente seg nye debattar, diskusjonar og problemstillingar.

Årets tema er Norsk mat – kvifor og korleis?

Med problemstillinga ”Kvifor skal vi produsere mat på norske ressursar og korleis” inviterast 6 av landets leiande landbruks- og matdebattantar til debatt på Dyrskuplassen.

Interessa rundt landbruk og mat er større enn på lenge, og antal fagdebattar, messer og konferansar aukar i både inn- og utland. Dagleg leiar i Dyrsku´n Geir Helge Espedalen ser fram til årets debatt: ”Kombinasjonen av årets debattantar er både dagsaktuell og spennande. Det er nokon klare kontrastar i panelet som garantert vil skape gode diskusjonar, underhaldning for publikum og ikkje minst ei bredde i synspunkt og meningar. Me trur dette både vil formidle kunnskap og skape eit stort engasjement. Med utgangspunkt i forslaget til Civita om å leggje ned det norske landbruket stillast det ikkje berre spørsmål om korleis norsk landbruk skal fungere i framtida, men også kvifor me i det hele tatt treng det.”

Det er debattleiar Terje Svabø som skal dra oss gjennom den 25 minutt lange debatten som tek opp svært dagsaktuelle tema om norsk landbruk.

  1. Korleis skal vi produsere maten i framtida. Skal me fokusere på norsk kvalitet eller kostnadseffektiv drift?
  2. Kvar går grensa for kva som kallast norsk mat?  kVA konsekvensar får importert for?
  3. Kva konsekvensar får ein landbrukspolitikk med fokus på industrilandbruk på bekostning av fellesgoder som vakre kulturlandskap og biologisk mangfald?

Årets debattantar er:

  • Per Sandberg, FRP
  • Per Olaf Lundteigen, SP
  • Ingebrigt Steen Jensen, forfattar, rådgjevar
  • Lars Petter Bartnes, Leiar i Norges Bondelag
  • Forskar Ivar Gaasland
  • Ann Merete Furuberg frå Småbrukarlaget


Årets duell består av:

  • Per Sandberg, FRP
  • Per Olaf Lundteigen, SP

Debatten og duellen finn stad på Fjoset fredag 11.september kl. 13.45, rett etter den offisielle åpninga av Dyrskuǹ 2015.