Dyrskun 150 år i 2016

4. mai 2015

I 150 år har det vore Dyrskue i Seljord. I 2016 er det duka for stort jubileum for eit av Noregs største og eldste arrangement.

Dyrsku´n i Seljord er kjent langt utivi Telemark som eit godt etablert varemerke for kultur og tradisjon. Kva hadde Seljord, Telemark og norsk landbruk vore utan Dyrsku´n?

Dyrsku´n er der fortida møter notida, og me ønskjer samtidig å sjå inn mot framtida. ”Dyrsku´n er eit under”, sa Stein Ørnhøi og alle som har vore på Dyrsku´n nikkar.

I 2016 skal me feire 150 år med brask og bram. Det skal merkast i heile kongeriket at Dyrskun fyller år. Meir informasjon om jubileet, feiringa og festen kjem nærare.


http://cs.dyrskun.no:81/scripts/customer.exe?_sf=0&action=parse&includeId=sokalle&key=UG7iDFBQWwnETtO0