Borne- og Familiedag

16. august 2015

Sjå Bornas Dyrskukart frå 2015. Oppdatera program for 2016 blir snart lansera.

Dei fleste har nok fått med seg Lunds tivoli som er sentralt plassera på Dyrskuplassen gjennom Dyrsku-helga. Færre veit om den bredda av aktivitetar som er tilrettelagt for born og unge under handels- og landbruksmessa i september. Dei siste åra har målgruppa vore eit sterkt fokusområde for messa, og i fjor vart det for fyrste gong utarbeida eit eige Dyrsku-kart tilpassa borna. Til stor suksess! Kartet og øvrig program er sjølvsagt vidareutvikla til årets messe. Aktivitetane har ei bredde som skal gje det unge publikummet den optimale Dyrsku-opplevinga; Kunnskapsformidling, inspirasjon, sosiale møter og underhaldning.  

Utforsk Bornas Dyrsku-kart her

Sundag blir familiedagen

Sundag er den store familiedagen på Dyrsku´n. Med born og unge i fokus tilrettelegg messa for ei rekke aktiviteter og innslag for born i alle aldrar. Dyrsku´n skal vera ein stad for læring og inspirasjon! På dei mange ulike arenaene kan borna lære å lage mat, spikke, lafte, bake lefser, lage pølser og stelle fjordhest.

I tillegg kjem publikumsfavorittane Knerten og Lillebror til Fjoset. Anne Kath. Vestly si historie om dei to venene har for mange vore ein viktig del av barndomen, og har den seinare tida tatt vegen til teaterscenen og no Dyrsku´n. Saman med Knerten skal vi bli med Lillebror på eventyr. Borna som er tilstade får høve til å helse på Knerten.

Framsyninga spelas på Fjoset kl.16.00.

I tillegg vil borna få sjå politimester Bastian spankulerande gjennom bodane heile søndagen.

Årets borneaktiviteter er:

  • Bornepark for born mellom 2- 8 år
  • Ponniriding
  • Smoothiesykkel
  • Smiing, mjølking av geiter, halmbinding, tinnstøyping, pussing og stell av Fjordhest
  • Matskule for born
  • Pølseskule for born
  • Quiz
  • Spikking av barkebåtar, lafting av småhus, slukmåling og natursti
  • Lefsebaking og smaksprøver
  • Tredreieverkstad
  • Ull- og spikkeverstad
  • Fjord Lines hoppebåt
  • Lunds tivoli
  • Fotballradar – airtrack med tjukkas og trampoline
  • Klatreparken Høyt og Lavt
  • Dyreutstillingar
  • Hesteoppvisingar
  • Konsert med Valkyrien Allstars
  • Teater Knerten og Lillebror
  • Politimester Bastian