Fredag kl.17.00 på fjoset!

søndag 16. august 2015

Fredag kl. 17.00 presenterer Norsk Hardingfelesenter "Ung vind i historisk sus - ei stor mønstring av unge folkemusikarar og dansarar frå Telemark. 

Dyrsku’n har i generasjonar også vore ein arena for framvising av folkekulturen. Meisterspelemannen Torkjell Haugerud var i mange år sentral i Dyrsku’n, og han spela ofte Ligangaren til opning. Han budde på Nordgarden, der det er dyrskuparkering i dag. Me får høyre Liganganagaren. Me får høyre «Smelands vals» etter den andre spelemannsnaboen på Nordgarden, slik Anne Hoff spela den på hardingfele og piano. Ein tredje spelemannsnabo på Nordgarden var Eivind Mo, og me får høyre slåtten hans «Eivinds minne». Ragnar Haugstøl kved Dyrskuvisa.

Me fyller secena med unge artisar frå Tusseleiken, Minituss, unge lokale felespelarar og Tinndølan. Sprekingar dansar halling, ungar kved og spelar fele.  Godt kjente vaksne utøvarar i lag med dei unge – vidareføring av tradisjon i friske fråspark! Ottar Kåsa og Torgeir Straand spelar hardingfele.

Denne framsyninga må du få med deg, og du vil bli glad over å sjå korleis det står til med rekrutteringa.

Programleiar er Torgeir Straand.