mandag 4. mai 2015
På Sterke Nils-tunet kan ein oppleve gardsdrift og matproduksjon på gamalt vis.
Her kan ein følgje produksjonen frå jord til bord der kua blir mjølka i det gamle fjoset og mjølka blir separera til fløyte og skumma mjølk.
I Ystebua kinnar budeia fløyten til ekte smør av beste kvalitet, av mjølka blir det ysta dei beste ostar. Her kan ein møte nokre av våre beste produsentar og bli innvigd i seterkulturen sine rike tradisjonar.
Velkommen til smaksprøver og kos med dyra!