Framtidas folkemusikk

lørdag 12. september 2015

Dyrsku’n har i generasjonar vore ein arena for framvising av folkekulturen. Fredag var det opp mot 1500 menneskjer på Fjoset da me fylte scena med unge artistar frå Tussleiken, Minituss, unge lokale felespelarar og Tinndølen. 

Saman med godt kjente vaksne kunne publikum sjå ungar som dansa halling, kveda og spilte fele. Heile 65 personar sto på scena i løpet av forstillinga. Kven er disse talentfulle ungdomane? 

Me har tatt ein prat med fire av ungdommane. Dei kjem høvesvis frå Gransherad, Flatdal og Tessungdalen og med unntak av Ragnhild som spel fele er alle jentene ivrige folkemusikkdansare. 

“Kva var det beste med å stå på scenen i dag?”

- Det har vore fantastisk å få vise kva me kan, og det me elskar å gjere, seiar Stine. Me likar veldig godt å danse på scenen, og her på Dyrsku´n er det ekstra moro sidan det er så mykje folk.

Dei ulike lagane har ikkje sett kvarandre sin koreografi tidligare, og det var fyrst tidligare same dag at alle artistane møtte kvarandre. ”Det har gått kjempe fint, men me kjennar jo dei fleste frå før så me trur det hjelpar” smilar venninnene.

På spørsmål om kva som var det vanskelegaste med forstillingane er jentene einige. “Det var alt for varmt- og mye sol i augo!”

Me velar å ikkje kommentere dette vidare, da me får nyte dei fine dagane me har her på Dyrsku´n!