Friluftsmagasinet klare for Dyrsku´n

2. september 2015

Sidan 1991 har Friluftsmagasinet vore Noregs mest erfarne leverandør av alt innan jakt, fiske og friluftsutstyr. Magasinet har vore tilstade på Dyrsku´n i mange år, men tok i 2015 steget vidare og vart ein av Dyrsku´n sine viktigaste samarbeidspartnerar med nye aktivitetar og nytt innhald.

Til dagleg kan du finne Friluftsmagasinets varer i butikkane i Drammen, Oslo, Trondheim og Hamar, i tillegg til den døgnopne nettbutikken www.magasinet.no. Under Dyrsku´n riggar dei i tillegg opp ein heilt ny butikk, ein stand på nesten 130 kvm på G-feltet. Her har du moglegheit til å prate med dyktige seljarar, sikre deg skikkelege Dyrsku-tilbod og bli kjent med noko av det beste friluftsutstyret på marknaden. Dagleg leiar og eiar av Friluftsmagasinet Fredrik Aaserud, ynskjer alle Dyrsku-gjestar velkomen til standen der dei og har med seg ekspertise frå Jerven, Garmin og Aclima.Friluftsmagasinet går no inn i høgsesong kor Dyrsku´n blir starten på ein travel jakt- og haustsesong. Med produkt frå m.a. Dovrefjell, Aclima, Alfa, Viking, Härkila, Garmin, Uovision og Icom har Friluftsmagasinet eit av dei breiaste tilboda av jaktutstyr her i landet. ”Me har med oss nok varar til heile Dyrsku´n og anbefaler alle å ta turen innom G-312” smiler Aaserud.

Vinn 15 000 i gåvekort på Magasinet.no

Magasinet feirar samarbeidet med å trekke ut ein heldig Dyrsku-gjest som får eit gåvekort på www.magasinet.no til ein verdi på 15 000 kroner! Kom bort til konkurranse-standen ved inngangen til Husdyrhallen og delta i konkurransen!

 Ein fornøgd samarbeidspartnar

 Sal- og marknadssjef i Dyrsku´n, Yvonne Eileftjønn, er strålande fornøgd med samarbeidet. ”Friluftsmagasinet er ein fantastisk partnar for Dyrsku´n. Dei byggjer på dei same verdiane som oss; kvalitet, mangfald og høg servicegrad. I tillegg er dei ein viktig aktør på ei handelsmesse og svært populære blant Dyrsku-publikummet. Her finn du eit stort utval av turklede, jaktutsyr, fiskeutstyr, GPS, viltkamera, knivar, soveposer, støvlar, hundeutstyr, sekker, lavvo, ullundertøy og sandalar. Alt i høg kvalitet, og til ein god pris!”

 I år, som tidligare, finn du Friluftsmagasinet på standplass G312.

Meir informasjon om Friluftsmagasinet finn du på deira heimeside og på Facebook.


Annonse