Gamalt design i ny innpakning

tirsdag 23. juni 2015

Årets særutstilling på Dyrsku´n er kalla "Gamalt design i ny innpakning". Husflidansvarleg på Dyrsku´n, Eva Flatin innvigde i går årets utstilling. Ho tatoverte den vakre Telemarksrosa i nakken. 

Det var på Galleri Drangedal at tatoveringa i går fann sted. Galleriet i Bø som ble etablertste i 2012 skal i haust vere til stades på Dyrsku´n og Hall B. 

Dette var Eva Flatin sin fyrste tatovering, og i følgje ho sjølv er tatoveringa ein del av kunsten. "Rosemåling står på raudlista til Noregs husflidslag. Eg ynskjer å syne at den tradisjonelle folkekunsten kan brukast på nye måtar," forklarer ho til Varden.  

Både NRK og Varden var til stade da Eva fekk sin fyrste tatovering. Sjå innslaga her! 


Annonse