Gleder seg til Dyrsku`n

torsdag 3. september 2015

Tarjei Skræi har vore på Dyrsku’n kvart år sidan 1971, og gleder seg til nok eit år på handels- og landbruksmessa. I år har han 20-årsjubileum som utstillar.

I år har han 20-årsjubileum som utstillar. «For meg stiller Dyrsku’n på lik linje med 17. mai og jolekvelden. Eg vaks opp på gard og foreldra mine stilte ut kyr, me har lang tradisjon for å vêre tilstade på Dyrsku’n.»  

Tarjei etablerte Seljord Varmeservice i 2007 saman med Arvid Øygarden, og har sidan den gong selt omnar, varmepumper, matomnar og peiser frå sin utstillarbod på Dyrsku’n, i tillegg til nettsal. For tida opplever dei ein oppgang i interesse for vedfyrte matomnar. Kva trur du denne økte interessa skuldas? «Folk har blitt meir opptatt av å lage mat frå botn av. Mange merkar nok stor forskjell på kor god mat man faktisk kan lage med riktig utstyr og råvarer. Spesielt gjeld dette for dei som lagar heimelaga brød, det et man jo gjerne kvar dag», seier Gunn Marit, Tarjeis kone, som er den av dei to som jobbar mest med vedfyrte masomnar. Matlaging har utvilsamt auka i popularitet dei siste åra, og det blir meir og meir vanleg å bry seg om kvalitetsråvarer og bra kjøkkenutstyr. Då er det naturleg at det er ei auke i antal selde vedfyrte matomnar, sidan dette er eit godt verktøy for å lage god mat, både brød, bakverk og pizza, utan at det er noko som er atterhaldt kokkar. Matlaging har gått frå å vêre ein plikt i heimen til å bli ein hobby hos mange, og noko som står i sentrum for mange sosiale lag. 

Ferdigmat er eit avslutta kapittel i mange norske heimar, og dermed også frossen pizzaen. No skal det vêre heimelaga og gjerne i vedfyrt omn for å få ypparste kvalitet sjølv på fredagspizzaen. Me har blitt meir kontinentale og opptatt av kvalitet både i råvarene og kjøkkenutstyret. Italienarane har laga pizza på denne måten i alle år, no begynnar me nordmenn å sjå gleda i å lage ordentlig god pizza heime. Noko av grunnen kan vêre at fleire og fleire ser kor enkelt det er å bruke ein vedfyrt matomn heime, og kor stor forskjell det utgjer på kvaliteten. Å lage pizza i ein ordentleg bakaromn vil også gje middagsselskapa ein ekstra dimensjon, då det er koseleg og sosialt og man kan samlast rundt bakaromnen. «Man kan ha omnen inne, men mange ynskjer å lage eit utekjøkken rundt omnen og dermed ha den utandørs. Det skaper òg ei svært god stemning når man fyrar opp omnen med levande eld, og man veit at det tar litt tid før den varmas opp heilt. Då senkar man skuldrane, og kan kose seg med å lage og nyte maten», seier Gunn Marit, som har god erfaring med bruk av matomnane. 

Ikkje berre matomnar som vert selde på Dyrsku’n 

Tarjei sel i tillegg peisar på Dyrsku’n. Peisane det går flest av er av merket HETA, som ifølgje Tarjei har eit stort og breitt sortiment. «Desse peisane passar godt inn hos mange av kundane på Dyrsku’n. Det er relativt store omnar, som passar best inn i store villaer. Mange av kundane på Dyrsku’n er eigarar av store villaer», seier Tarjei med eit smil. No som det går mot mørkare tider er det mange som vurderer å installere peis i hemene sine. Tarjei råder alle som er på utkikk etter peis å kjøpe hos ein faghandlar. Han har fleire eksemplar på kundar som har kome til ham etter å ha vore hos eit byggevarehus utan fagkompetanse. Spesielt fokuserer han på viktigheten av pipa, og tilgang på luft i forhold til størrelsen på peisen. Det er viktig å få peisen riktig montera. Han rådar alle til å velje sertifisera montørar, som monterer den med dei rette innføringsdelene i pipa, samt kvalitetssikrar avstandar til brennbare materialar etc. Dette kostar noko ekstra, men man sparer seg for mykje trøbbel ved å få den montert på skikkeleg vis, seier Tarjei, som har sett mykje rare omns-monteringar opp gjennom åra. «Dersom nokon skulle ønskje å kjøpe ein peis eller ein omn på Dyrsku’n, kan dei få den frakta heilt heim og montert av førsteklasses fagfolk. Dermed er det ikkje noko ekstra arbeid knytt til det å kjøpe dette på vår stand under messa», seier Tarjei, som anbefaler alle å ta ein titt innom standen hans under Dyrsku’n, spesielt dei som vurderer å kjøpe peis, eller er interessert i å vite meir om vedfyrte matomnar.   

I fjor vann Seljord Varmeservice pris for beste stand på Dyrsku’n, mon tro om dei har sjansen i år òg? Me anbefaler eit besøk på standen, anten om du er nysgjerrig på produkta, eller du berre vil slå av ein prat om matlaging i vedfyrt matomn. Du kan også besøkje Seljord Varmeservice si heimeside for å lese meir om dei ulike produkta dei tilbyr og kva slags bruksområdar dei har. 

Du finn dei òg på Facebook.