God morgen Norge!

fredag 21. august 2015

Fredag 21. august tok Dyrsku´n med seg 7
utstillarar til Mathallen i Oslo. Resultatet fekk du sjå på God morgon Norge på
Tv2.

Allereie kl. 08.49 var Telemarkua- med kalv, Nortura, Tine, Åbø Gård, Vinje Slakteri og Felleskjøpet klart utanfor Mathallen i Oslo. TV2 og God morgon Norge hadde teke turen til Vulkan og var klare for det som skulle vise seg å bli 3 tv-innslag og ein fantastisk 3-rettarsmeny basera på blant anna råvarane til Dyrsku-utstillerane. Sjå innslaga her: 
- God morgon Norge besøkjer Dyrsku´n på Mathallen 

- Wenche utforskar lokalmattilbodet på Dyrsku´n

- Wenche utforskar lokalmattilbodet på Dyrsku´n (del 2)

Dei som besøkte Mathallen i dag fekk glede seg over ein haug med spennande smakar, ein fantastisk traktor frå Felleskjøpet og den vakre Telemarkskua. I tillegg til vår eigen lunsj, 3 fantastiske rettar basera på Telemerksfe frå kokken Petter Wahl Sekne frå Bonden og Kokken, kunne gjestane smake på: 

  • Nydelege grønnsakar frå Åbø Gård
  • Sankta Christina skinke og fenalår frå Gilde
  • Chevre ost med ramslauk frå Tine 
  • Spekeskinke frå Vinje Slakteri 
  • Heimelaga is frå Telemark Is

I morgon ventar ein ny dag der storbyen får ein smak av Dyrsku´n. Me opnar på Mathallen kl. 10.00 og frå 12.30 er det klart for politisk time med landbruksduell, appellar og aktuelle vinklingar. Sjå fram til ein times program der me får besøk av:

  • Sylvi Listhaug (FRP)
  • Knut Storberget (AP)
  • Ola Hedstein (Landbrukssamvirket)
  • Terje Svabø (Debattleiar)