Grøn lunge

13. september 2015

Telemarkskogen har vore ein populær plass for mange under Dyrsku’n. Her er det ei grøn lunge der gjestene kan sette seg ned med ein kopp kaffe koka på bål og lære meir om skogbruket.

Skogselskapa i Agder og Telemark, AT Skog, Nome vidaregåande skule på Søve, Telemark Jeger- og fiskeforening og Bioenergiprosjektet er dei som står bak skogstanden. Denne Dyrsku’n har det vore motorsagtevling, bedøming av gevir, lafting av hus og hogstmaskinsimulator. Gjestene kan til og med måle sin eigen sluk i regi av Telemark jeger og fisk.

- Me har vore veldig godt fornøgde med besøket på skogstanden, det har vore mykje folk innom. Så langt har det gått 1000 koppar med kaffe, seier Helene Dahl som har vore ansvarleg for standen.