I 100 på Dyrsku´n

søndag 13. september 2015

Det er truleg ikkje så mange som er 100 år og køyrer bil til Dyrsku’n sjølv. Men det gjer Olav Ettestad frå Drangedal. Laurdag blei han heidra med kake på standen til Telemark Travselskap.

Olav Ettestad har vore på Dyrsku'n mest kvart einaste år sidan 1940, altså ca 75 år. 100-åringen vil helst få med seg alle tre dagane kvart einaste år sidan han deltek aktivt i konkurransen om hesteskokasting. På hylla heime i Drangedal har han fleire pokalar for 1. plass i konkurransen.

Trass høg alder køyrer han bil sjølv til Dyrsku'n. Kvart år blir det 20.000 km bak rattet. Da køyrer han innom Lunde og plukkar opp kjærasten, før dei køyrer til Seljord. Sidan han er ein ivrig hesteskokastar, ville altså travselskapet feire han med stor blautkake i dag.