torsdag 11. juni 2015
Reklamemannen og landbruksforkjemparen Ingebrigt Steen-Jensen er bekrefta som årets opningstalar på Dyrsku´n.
For 149. år på rad skal Dyrsku´n offisielt opnast framfor eit fullt Fjos på Dyrskuplassen. Opninga som kvart år fell på 2. fredagen i september er ein tradisjonsrik seanse som gjennom tida både har hatt H.K.H Kronprins Olav, ulike statsministrar og sjølvsagt landbruksministrar som opningstalerar.
For Dyrsku´n 2015 er det Ingebrigt Steen-Jensen som blir å sjå på podiet. ”Forutan fotball er landbruk det som ligg mitt hjarte nærast og eg gler meg til å snakke om landbruk og norsk matproduksjon for publikummet på Noregs største landbruksmesse.” forklarar den sjølverklærte fotballidioten, som i ei årrekkje har vore ein reklameguru her i landet.
Dagleg leiar i Dyrsku´n, Geir Helge Espedalen, er svært fornøgd med årets opningstalar. ”Ingebrigt Steen-Jensen har ekstremt mykje kunnskap om landbruk og Dyrsku´n, i tillegg til å inneha ei fantastisk formidlingsemne.”