fredag 11. september 2015
Stor tilstrøyming frå starten av Dyrsku'n, no er me i gong!
Alt før portane opna kl 9 fredag, var det kø av gjester som ville inn på plassen. Det gode været og ein Dyrsku med større tilbod enn nokon gong er nok grunnen til det gode besøket.
I gatene på Dyrskuplassen er det meir folk enn vanleg på ein fredag føremiddag og handelen går livleg. Dei politikske partia er på plass på rekke og rad utanfor Husdyrhallen i håp om å kapre veljarane som enno ikkje har bestemt seg.
Ein av årets store satsingar er Matlyst Dyrsku´n ei stor satsing og i teltet breier den gode matlukta seg frå popup-kjøkkenet. Der har dei komponert eigne rettar med produkt frå produsentane i teltet.
Mange vil nok også få med seg opningsprogrammet kl.13.00 der Ingebrigt Steen Jensen skal halde opningstala. Me sjåast snart igjen!