Me møtast på dyrsku´n

lørdag 9. mai 2015

11. – 13.september er det nok ein gong klart for handels- og landbruksmesse på Dyrskuplassen i Seljord.

I år forventar me opp mot 90 000 menneske og heile 700 utstillarar innanfor ulike bransjar som blant anna Handel, Landbruk, Anlegg, Husflid, Husdyr og Mat. 

I 2014 blei det besøksrekord på plassen med 88 000 menneskje i løpet av den tre dagar lange messa. Det er dermed med stolthet vi kan sei at Dyrsku´n er blitt Noregs klart største årlege arrangement! 

Men lange tradisjonar og stadig vekst krev at me alltid jobbar for å utvikle, og tilpasse oss både mot utstillarar og gjester. I fjor hadde me ei sterk satsing på mat på Dyrsku´n, både serveringsplassane på plassen, og utstillingsplassen for produsentar. Dette er ei satsing me skal vidareføre og i åra framover med ei målsetjing om å bli ei av landets beste matmesser på norsk mat. Til hausten vil me mellom anna kunne introdusere eit nytt matkvartal (og nytt namn), ei vidareføring av stor suksessen Pop up-kjøkkenet og ein spennande gjesteutstillar! 

Eit anna fokus i 2014 var å i større grad leggje til rette for born og unge. I tillegg til tivoliet har Dyrsku´n fleire kurs, skatepark og konkurransar for dei minste. Eit tilbod me ikkje trur er like kjent. Borne kartet frå i fjor finn du her!

Fram mot 2015 har me fleire spennande nyheiter å presentere for dykk. Fristen for å søkje plass som utstillare går ut 1.april, så årets utstillarlister blir lansert fortløpande. 

Håper me sjåast 11. – 13.september! 

Me helsing alle i Dyrsku´n