Møt oss på Mathallen

7. august 2015

21. og 22.august kjem Dyrsku´n til Mathallen! 

For oss i Dyrsku´n var Mathallen ein naturleg arena når me bestemte oss for å besøkje hovudstaden. I likhet med Mathallen er Dyrsku´n ein møteplass for mat- og landbruksinteresserte som søkjer ny kunnskap, inspirasjon og den gode handelen.

”Ein smak av Dyrsku´n” skal servere inspirasjon, gode matopplevingar, underhaldning og kunnskapsformidling for mat- og landbruksinteresserte. Både til nye og gamle Dyrsku-vener. Laurdag inviterar me til landsbruksdebatt når Sylvi Listhaug (FRP) og Knut Storberget (AP) entrar scenen på torget. I regi av konferansier Terje Svabø skal me høyre politikaranes tankar om framtidas landbruk. 

Med oss til Oslo tek me med oss nokre av årets Dyrsku-utstillarar. Både Vinje Slakteri, Telemarkis, Aabø Gård og Fjellbryggeriet vil være til stades saman med Felleskjøpet, Tine og Nortura. Petter Wahl Sekne frå ”Fra Bonden til Kokken” vil stå for servering og kunnskapsformidling frå Dyrsku´n sin eigen stand.

Fredag 21.august

11:00                Mathallen opnar

11:30 – 13:30 Dyrsku-lunsj på torget

15:00 – 18:00 Smak av Dyrsku´n for matinteresserte med aktivitetar, sal og smaksprøver.

Lørdag 22.august

11:00                Mathallen opnar

11:30 – 12:30      Dyrsku-lunsj på torget

12:45                Terje Svabø innleiar landbruksdebatt

12:50                Ola Hedstein, direktør i Norsk Landbrukssamvirke

                        Korleis vil landbruksproduksjonen sjå ut i Noreg i framtida

13:00                Appell: Sylvi Listhaug (FRP) og Knut Storberget (AP)   

13:10   Duell: Sylvi Listhaug (FRP) og Knut Storberget (AP)

                  Fremtidas landbruk

13:30 – 18:00   Ein smak av Dyrsku´n for familiar og born med aktivitetar, sal og smaksprøver for både store og små.

Velkomen!