Nyheit på tivoli

9. september 2015

Verdensnyheit på tivoliet! Det kilar i magen!

I år er det moglegheiter for litt ekstra kiling i magen på tivoliet på Dyrsku´n. Lunds Tivoli har 120 årsjubileum og feirar med den splitter nye attraksjonen Dragon Nest, den einaste i sitt slag i heile verda! Den som lit av frykt for høgder bør kanskje nøye seg med å sjå på, i staden for å sveve 40 meter over bakken!